Severin Kannelønning sine historiske bilete viser vervaplassen på Frugardsberget like ved kyrkja kring 1900. I jubileumsboka «I glede og sorg», som kjem ut til helga, omtalar konservator Tore Lande Moe blant anna skipsbyggjar John Hauge som spanta opp og fullførte fire svære dampskip så å seia på vigsla grunn.

Stord kyrkje har alt lagt bak seg eit omfattande jubileumsprogram med føredrag og konsertar. Til praktverket «I glede og sorg» har redaktør Elling Siqveland samla 25 bidragsytarar. Blant dei biskopane Per Lønning og Ole D. Hagesæther.

Lønning Aarø og Moe

Forfattar Selma Lønning Aarø skildrar sitt første barndomsmøte med kyrkja, der Jesus på altartavla gjorde eit visst inntrykk.

Forfattarkollega Karin Moe har vinkla på faren, den legendariske distriktslegen Emil Moe sitt forhold til kyrkja, «denne storblåsaren og folks tenar og uortodokse kyrkjegjengaren med fast plass på bakerste benk i Stord kyrkje».

500 år

150 år er ingen spesielt høg alder for ei kyrkje. Faktum er at det stod ei steinkyrkje på same staden i 500 år før ho måtte vika plass for ei ny og større Stord kyrkje, årets jubilant.

Historikar Anstein Lohndal gir i jubileumsboka ein brei presentasjon av bygginga og av seinare bygningsmessige endringar av Stord kyrkje, som inntil Nysæter kyrkje kom i Sagvåg i 1992 var den einaste kyrkja i Stord kommune.

FØR: Frå 1890 til første verdskrigen var det stor aktivitet på vervaplassen framfor Stord kyrkje, slik Severin Kannelønning sitt bilete frå kring 1900 vitnar om.FOTO FRÅ BOKA
NO: Stord kyrkje feirar 150-årsjubileum med stort program og ny bok.