Ein ungdomspolitikar i Midtausten er sjeldan under 40 år. Det blei uuthaldeleg for den veksande befolkning av verkelege unge. Mange med høg utdanning, men utan håp om framtid. Over 60 prosent av befolkninga i dei arabiske landa er under 30 år. Dei lev med verdas høgste ungdomsledigheit.

Dette er tre av dei som var pådrivarar for opprøret: Khaled Said, fødd 1982, Asmaa Mahfouz (28) og Zeinab al-Khawaja (30).

  • Khaled Said var ukjent fram til han vart slått i hel av politiet og gjort til den egyptiske revolusjonens symbol.
  • Asmaa Mahfouz var den modige kvinna som tok initiativet til protestane på Tahrir-plassen.
  • Zainab al-Khawaja står fremst i kampen for menneskerettar og demokrati i Bahrain og held omverda oppdatert gjennom blogging.

Kvar sin lagnad

Minna etter Khaled Said lev på Facebook-sida «We are all Khaled Said» med over tre millionar likes. Her blir framleis den nye presidenten, valden og overgrepa diskutert . Sida støttar andre som kjempar for fridom, men er skuffa over at revolusjonen er blitt ein kamp mellom fraksjonar.

Asmaa Mahfouz er framleis aktiv på Facebook og Twitter. Ho kasta seg inn i kampen for å påverke den nye egyptiske grunnlova, men er ikkje nøgd med resultatet. Jamvel om ho har gifta seg og fått barn, er ho ikkje redd for å uttale seg kritisk om dei nye styresmaktene eller avdekke nye overgrep.

Situasjonen i Bahrain er ikkje betre no enn då Zainab al-Khawaja posta sin første tweet for over to år sidan. Aktivistar vert framleis torturerte og drepne i fengsel. Demonstrantar døyr i demonstrasjonar. Regimet held handa over dei skuldige. Medan far hennar framleis sveltestreikar og søstera er reist attende til Danmark, bit ho seg fast i Bahrain, sjølv om regimet stadig trugar med å fengsle ho.

Sjølv om mange politifolk som står bak overgrep framleis går fri, vart dei som drap Kahled Said faktisk straffa. Asmaa Mahfouz har fått vore med på å tvinge fram demokratiske val i Egypt, og kjem ikkje til å godta at dei nye leiarane vender tilbake til Mubarak-regimet sine uvanar.

Zainab al-Khawaja vil ikkje forhandle med kong Hamad al-Khalifa — ho vil at han skal trekkje seg og at folket i Bahrain skal velje sine eigne leiarar.

Desse unge menneska kjem ikkje til å gje opp krava om demokratiske reformer, menneskerettar og økonomisk utvikling.

uten navn_2.jpg

Khaled Said

— symbolet på opprøretHan stod aldri på barrikadane sjølv, men lagnaden hans var med på å bringe først ti og seinare hundretusenvis av egyptarar til Tahrirplassen.

Som ein ung dataingeniør utan håp om å tene nok pengar til å forsørgje seg sjølv, vart han symbolet på alt som var gale.

Han kom frå ein middelklassefamilie i Alexandria, og vart tidleg interessert i data. På internett drøymde han seg vekk, det var der han hadde kjærastar. I det verkelege livet hadde han ikkje sjanse til å finne nokon å leve saman med - han budde saman med mor si og var avhengig av å få pengar frå ein eldre bror som jobba i USA.

Ein kveld i juni 2010 medan Khaled sat på internettkafé, kom to politimenn i sivil. Dei greip den unge mannen, slang han i veggen, dreiv han ut på gata og inn i eit portrom. Der vart han slått og sparka medan han låg på bakken med hendene bundne på ryggen.

Khaled Said kom ikkje levande frå det. Då familien nokre dagar seinare fekk sjå kroppen hans på likhuset, var andletet så øydelagt at han ikkje var til å kjenne att.

Nokre veker seinare hadde Khaled Said blitt andletet til den egyptiske revolusjonen. Medan han var på likhuset, hadde bror til Khaled knipsa bilete med mobilkameraet sitt.

Han la bileta ut på internett, der Wael Ghonim, ein egyptar som jobba for Google, snappa dei opp.

Ghonim oppretta Facebook-side «We are all Khaled Said». Ei veke etter hadde sida nærare 150 000 følgjarar. Meir enn 50 000 YouTube-videoar er oppretta til minne om Khaled.

Kva politiet ville med Khaled Said er ikkje klart.

Familien hevdar han hadde filma politifolk som handla med narkotika. Andre meiner nokon tysta på han for å redde eige skinn.

Det som er sikkert, er at politivald og tortur i fengsel er utbreidd, men Khaleds lagnad råka folk på ein annan måte enn før. Han var ein vanleg ung egyptar som verken var kriminell eller politisk aktiv.

uten navn1.jpg

**Asmaa Mahfouz

— organisatoren** Asmaa Mahfouz er bloggar og aktivist. I 2008 var ho med og starta Ungdomsrørsla av 6. april, ei støttemarkering for arbeidarar som streika for høgare løn og betra arbeidstilhøve.

På rørslas Facebook-side er det 70.000 som omgår Egypts innskrenka forsamlingsrett og diskuterer ytringsfridom, korrupsjon og fattigdom.

Asmaa Mahfouz vart lei av at alle berre snakka. I januar 2011 skreiv ho på Facebook: «Folkens, i dag dreg eg til Tahrirplassen.»

Der skulle ho stå og krevje fridom, demokrati og rettferd for alle som hadde døydd av tortur.

Tre andre medlemmer frå ungdomsrørsla vart med. Asmaa byrja å snakke om kva Mubarak sine tretti år med korrupsjon og undertrykking hadde gjort med Egypt. Stadig fleire kom for å høyre. Ho vart filma med mobilkamera og filmane spreidde på YouTube.

På trass av tilskodarane kom opprørspolitiet og fjerna dei fire ungdomane.

Asmaa gav ikkje opp. Berre dagar seinare posta ho ein video av seg sjølv der ho erklærte at ho skulle tilbake til Tahrirplassen 25. januar, når Egypt minnest politifolk som fall i kamp mot britiske kolonistyresmakter.

Det er lenge sidan politiet slåst for fridom og rettvise, påpeikte Asmaa.

Motet hennar inspirerte mange andre unge til å gjere som ho. På minnedagen samla det seg om lag hundre tusen demonstrantar. I dagane som kom auka talet på demonstrantar jamt og trutt.

I 2011, som ei av dei yngste nokon gong, tok Asmaa Mahfouz i mot ein menneskerettspris frå EU. I tala si takka Asmaa alle dei som hadde mista livet under demonstrasjonane i heimlandet og lova samstundes å ikkje svikte dei, men føre kampen vidare.

uten navn.jpg

**Zainab al-Khawaja

— sint kvinneleg arabar** Zainab al-Khawaja (30) er bloggar frå Bahrain. Ho kjem frå ein familie av menneskerettsaktivistar som har kjempa mot regimet utanfrå.

Den opposisjonelle rørsla vart starta av far hennar og i eksil i Skandinavia. Sjølv har Zainab både dansk og bahrainsk statsborgarskap. Då kongen lova reformer i 1999 kom familien attende til heimlandet.

Dei folkelege protestane mot korrupsjon, arbeidsløyse og kameraderi heldt fram. Zainab al-Khawaja var til stades då opprøret braut ut i det vesle øymonarkiet 14. februar 2011.

Ho fekk med ein gong merksemd då ho under namnet AngryArabiyya (sint kvinneleg arabar) twitra direkte frå protestane og dokumenterte dei valdelege metodane til dei såkalla tryggingsstyrkane.

På Twitter-kontoen har ho skrive: «Når du lever i lenkjer utan verdigheit eller rettar og må bøye deg for kriminelle diktatorar, er det første skrittet å gløyme redsla og innsjå at du har rett til å vere sint.»

Det er eit motto ho lever etter: I november 2011 stilte ho seg opp - aleine - og sperra vegen for opprørspolitiet medan tåregassgranatane flaug over hovudet. Bileta vart raskt spreidde på YouTube.

Sjølv meiner ho at det at ho har blitt så kjent - ho har om lag 50 000 følgjarar på Twitter - gjer at ho er meir beskytta enn andre. Ho er likevel har arrestert fleire gonger. Ho har fortalt at ho fekk juling av politiet mens ho var fengsla. Trass i at ho har ei to år gammal dotter, held ho likevel fram med protestane.

Opprøret mot regimet vart slått ned, men protestane held fram. Kongen freista å kjøpe seg ro ved å gi kvar familie i landet 3000 amerikanske dollar. I tillegg lyfter/løfte om dialog og reformer. Dei har folket sett lite til. Fleire menneskerettsaktivistar, mellom anna både faren, svogeren og ektemannen til Zainab al-Khawaja, sit fengsla. Medan faren sveltestreikar i fengsel twitrar Zainab, som nektar å gi opp: «Vi innser at den arabiske våren berre er det første steget mot demokrati - men det er eit pokkers så stort skritt.»