• I byrjinga var eg langt nede. Men etter 14 dagar bestemte eg meg for å leva med det, seier Parkinson-pasient Bjørn Langeland (58).

Bjørn Langeland sit i den elektriske stolen sin heime på Landsvik på Holsnøy. Bokhylla er full av bøker og pyntefigurar av alle slag. Den eine delen av stova er innreidd som ein engelsk bar. Brunt og kvitt brennevin står sirleg plassert ved sida av kvarandre.

– Kona mi samlar på dokker og pynteting, og eg på alkohol av alle slag. Men alkoholen blir sjeldan brukt, flaskene er mest til pynt. Folk her ute må jo alltid køyra bil, seier Bjørn og ler.

Hjernedag

I dag er det hjernedag på Haukeland Universitetssjukehus, der dei som vil kan få informasjon om vanlege hjernesjukdommar som Parkinson, hjerneslag og Multippel sklerose. Her blir det blant anna føredrag om ein større vestlandsstudie på Parkinson, ParkVest, som Bjørn deltek i.

– Eg er éin av to i Hordaland som prøver ut eit nytt plaster for Parkinson-pasientar. Plasteret klistrar eg på magen, og kroppen tar så til seg medisinen på plasteret. For meg er det alfa og omega for å fungera, seier Bjørn.

Overlege Ole-Bjørn Tysnes ved nevrologisk avdeling på Haukeland er ein av Norges fremste ekspertar på Parkinson. Han er ein av initiativtakarane til ParkVest-studien, og skal fortelja om studien på dagens hjernearrangement.

– Me har denne hjernedagen for at publikum skal få lettfatteleg informasjon om tre vanlege hjernesjukdommar, seier Tysnes.

Kan få 25 år til

Han og kollegaer frå sjukehusa i Stavanger, Førde, Haugesund og Arendal har følgd 200 Parkinson-pasientar frå Vestlandet tett sidan 2004.

– Målet med studien er å få betre oversikt over korleis Parkinson utviklar seg. Enkelte klarer seg utmerka i over tjue år, medan andre blir svært dårlege berre etter fem, seier Tysnes.

Bjørn Langeland var ute og køyrde bil ein dag i år 2000, då han første gong merka at noko ikkje var som det skulle.

– Plutseleg stivna heile kroppen til, og eg måtte ta skikkeleg i for å handtera rattet. Då det skjedde fleire gonger, gjekk eg til legen, seier han.

Etter å ha vore i kontakt med mange legar, blei det etter kvart klart at han hadde Parkinson.

– Kva tenkte du då du fekk beskjeden?

– Det vil eg ikkje seia eingong. Men etter to veker sa eg til meg sjølv at eg ikkje kunne setja meg ned og gråta. Tysnes fortalde meg at alt var opp til meg sjølv. Viss eg står på og trener, kan eg få 25 år til, seier han.

Hundre prosent ufør

Bjørn viser veg ut i hagen. Nissar, froskar, englar og sauer sit side om side. I figurform, altså.

– Kona mi liker å stella i hagen. Eg tar meg av veden, seier Bjørn og peikar mot enden av hagen.

Der står ein stor vedstabel. Bjørn har gått til innkjøp av ei vedmaskin som er tilrettelagt slik at han enkelt kan bruka henne. Han produserer no så mykje ved at han har begynt å selja litt til vener og kjende.

– Før var eg handverkar og dreiv mitt eige firma. Men no er eg heilt ufør. Eg skulle gjerne ha jobba femti prosent, men det går ikkje i og med at eg har vore sjølvstendig næringsdrivande, seier han.

Men han har nok å gjera, likevel. I hagen har han og kona ti høns og ein hane, og i garasjen har han opp til fleire båtar som han skal få i stand.

– Og det er ingen her i bygda som dreg opp så mykje fisk frå fjorden som eg. Alt handlar om innstilling. Viss du berre går rundt og synest synd på deg sjølv, blir du berre dårlegare. Det handlar om å trena og å vera i aktivitet kvar dag. Sjukdommen er faktisk ikkje dødeleg, seier Bjørn.

Kva synest du om saka? Sei di meining her.

VEDMASKIN: Parkinson-pasient Bjørn Langeland frå Landsvik på Holsnøy har gått til innkjøp av ei vedmaskin, som gjer det lettare for han å produsera ved. - Det går ikkje an å setja seg ned og gråta, seier han.
BORGHILD BERGE
MEDISINPLASTER: Bjørn Langeland er éin av to parkinsonpasientar i Hordaland som prøver ut eit nytt plaster, som han skiftar kvar kveld. - Det fungerer kjempebra for meg, seier han.
BORGHILD BERGE
ENGELSK BAR: Bjørn har ein engelsk bar i stova, og ei imponerande alkoholsamling. - Men alkoholen blir sjeldan brukt. Alle som bur her ute køyrer jo bil, seier han.
BORGHILD BERGE
SOPP: Bjørn og kona har 260 mål rundt huset, noko dei veit å utnytta. I hagen finst det både ender, englar og ein blå frosk. Og ein stor sopp.
BORGHILD BERGE
SAUER: To sauer har også fått plass i hagen til Bjørn og kona.
BORGHILD BERGE
TRENING VIKTIG: - Alle kan førebyggja hjernesjukdom gjennom fysisk og mental trening, seier overlege Ole-Bjørn Tysnes, ein av føredragshaldarane på dagens hjernearrangement.