Det er like før jul. På Sotra-bussen heng ein plakat for Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland. Ein av passasjerane fiskar opp mobilen og skriv telefonnummeret inn i adresselista.

Jula kjem og går. Det blir januar, februar. Ein dag Tonje Elisabeth Roeim er nedstemt og trist, prøver ho å ringe ei venninne. Ikkje svar å få.

— Eg bladde vidare i telefonlista. Nummeret til senteret dukka opp. Skulle eg prøve?

Ho slår nummeret. Så legg ho på.

— Det vart for skummelt.

Fritzl-effekten

Fleirtalet av dei som tar kontakt med Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland (SMIH) er vaksne kvinner som Tonje. Mange er blitt utsette for overgrep i barndomen, men har fortrengt det som skjedde - heilt til det skjer eit eller anna som reaktiverer hukommelsen.

Typiske eksempel kan vere at dei får barn sjølve, eller les om seksuelle overgrep i avisa. I periodar med stor medieomtale av kriminalsaker som Lommemannen og Fritzl, opplever senteret større pågang enn vanleg. Men for mange er det ein stor barriere å kontakte SMIH.

— Terskelen er høg. Mange ringer fleire gonger, eller sender e-post før dei tør å kome, seier psykolog Gry Kristin Lia.

— Første gong kjem dei som regel til ein samtale. Men når dei blir litt varmare i trøya, tør dei å bruke fellesskapet meir, delta i grupper og bruke eigne erfaringar for å støtte og hjelpe kvarandre.

Skal, skal ikkje

Tonje tok mot til seg, ringde tilbake til senteret, gjorde avtale om samtale veka etter - og fekk kalde føter igjen.

— Skal, skal ikkje? Tør eg?

Å køyre inn til byen er iallfall ikkje farleg, sa Tonje til seg sjølv. Eg kan i det minste gå bort til senteret, tenkte ho, då bilen stod på parkeringshuset. Utanfor røykte ho tre sigarettar på rappen.

Så gjekk ho inn.

Som Tonje er mange djupt fortvilte, når dei kontaktar SMIH.

— Dei føler at livet er blitt veldig vanskeleg. Mange har ikkje fått den hjelpa dei treng andre stader i behandlingsapparatet, og har mista trua på at det er hjelp å få, seier Lia.

På senteret får folk hjelp til å bearbeide traumene, og tilbod om støttegrupper, temakveldar, sosialt samvær og kurs. Også pårørande kan kome til senteret, som har over 900 brukarar mellom 18 og 80 år.

- Snakk med nokon

Tonje var elleve år den første gongen. Overgriparen var ein mann utanfor familien. Dei neste tre åra gjentok misbruket seg igjen og igjen, av og til fleire gonger i veka.

— Eg fortalde det ikkje til nokon.

Jobb, jobb, jobb. Slik klarte Tonje lenge å fortrengje det som hadde skjedd. Ho er utdanna ridelærar, og har i tillegg erfaring frå helsevesenet.

— Eg jobba, stelte hest, sov. Slik var livet mitt veldig lenge. Men på eit punkt sa det stopp.

Tonje har slite med psykiske plager. Overgrepa er ei viktig årsak, seier ho. At ho ikkje fortalde nokon om misbruket, gjorde vondt verre.

I dag går ho på attføring og skal bli sveisar. Snart to år etter at Tonje oppsøkte SMIH første gong, angrar ho på at ho ikkje oppsøkte hjelp tidlegare.

— Eg skulle ønske at eg hadde vore tøff nok. Eg har det mykje betre, og veit eg kan klare å leve med det som skjedde, i staden for å flykte, slik eg gjorde før.

— Kva er ditt råd til andre som har opplevd overgrep?

— Finn nokon å snakke med. Det viktigaste er å ikkje gå aleine med det du har opplevd.

Marita Aarekol