Natt til tysdag var eitt års kamp mot kreften slutt. Steinar tapte. Men bortgangen hans er i første rekkje eit tap for norsk presse og kulturliv i vid tyding.

Det var det politiske engasjementet som førte Steinar Hansson inn i norsk presse. Han var ein radikal ung mann, og i studietida på Universitetet i Oslo engasjerte han seg i internasjonalt solidaritetsarbeid. Det var slikt radikale menneske gjorde på den tida.

Han vart i 1975 første formannen i den nyskipa Chileaksjonen Norge. Han var også innom redaksjonen i tidsskriftet Kontrast og avbraut eit hovudfagstudium for å bli forlagsredaktør i Pax forlag. Men det vart for tilbaketrekt for ei uroleg sjel, og i 1976 overtok han stillinga som pressesekretær i Sosialistisk Venstreparti. Kort tid etter finn vi han som flittig og velorientert utanriksjournalist i Ny Tid. I 1979 vart han redaktør i avisa, og gjorde Ny Tid til eit viktig debattorgan for venstresida i norsk politikk.

Denne vekslinga mellom forlag og avis kom til å prega viktige år i Steinar Hanssons liv. I 1983 vart han kalla til Cappelen, og der bygde han litt etter litt opp avdelinga for generell litteratur. Han sikra Cappelen suksess-forfattarar som Arne Treholt (Alene) og Wenche Foss.

Bortsett frå Ny Tid var det Arbeiderbladet og Dagbladet som skulle bli Steinar Hanssons viktigaste talerøyr. Etter to år som kulturredaktør i Arbeiderbladet kom han til Dagbladet, først som journalist og seinare som kulturredaktør. Hans fripostige kommentarar fall godt inn i den liberale Dagblad-tradisjonen. I 1992 utgav han saman med parhesten Ingolf Håkon Teigene den første biografien om Gro Harlem Brundtland. I 1995 kom han tilbake til eit Arbeiderblad som frigjorde seg frå partiet og etterkvart fekk namnet Dagsavisen.

Avisa vart i Steinar Hanssons utforming høgt verdsett blant intellektuelle og debattglade aviskjøparar, men opplaget gjekk vidare nedover. Ein uheldig kombinasjon av minkande pressestøtte og aggressiv konkurranse frå gratisaviser gjorde at det dristige eksperimentet gjekk med tap. Då trekte han seg frå stillinga. Det førte til at Bergens Tidendes lesarar vart kjend med Steinar Hansson, som profilert og skarp laurdagskommentator.

Steinar Hansson var ein framifrå eksponent for den frie og sterkt meinande journalist og redaktør. I 1999 fekk han Den Store Journalistprisen for å ha profilert Dagsavisen som ei fri og ubunden avis, uavhengig av partipolitisk spel og kommersielle interesser. Den siste tida var han engasjert som dagleg leiar for sekretariatet som skal førebu storfeiringa av Ibsen-jubileet i 2006.

OLAV KOBBELTVEIT

TAPTE MOT KREFTEN. Kulturmennesket Steinar Hansson er død, 57 år gammal.<p/> ARKIVFOTO: ROAR CHRISTIANSEN