Sjåføren, den gong i 1950, var Valborg Hope (f. 1926) frå Holmefjord. Ho voks opp på gard som yngstejenta i ein syskenflokk på fire. Dei var berre jenter. Valborg køyrde hest frå ho var lita og var med faren på skogsarbeid. I 1948 gifta ho seg med handelsmannssonen Harry Hope. Dei dreiv både landhandel og bensinstasjon .

I 1950 tok Valborg Hope drosjesertifikat. Den første drosja var ein forlengd åtteseters Studebaker. Den gongen som no, gjekk ein del av drosjeturane til byn med sjukehuspasientar. Ein av desse turane gløymer ho aldri. Ho hadde avlevert pasienten og var på veg heim åleine. Då vart ho stogga av politiet.

”Da var nede på Minde. Han såg at da var eit kvinnfolk som køyrde drosje, og då vart eg stoppa. Måtte fram med sertifikatet, måtte setja bilen ifrå meg på gato og gå med han. Eg sa at eg har sertifikat, og der står no stempla tre plasser Hordaland politikammer. Nei, datta trudde han visst måtte vera gale alt sammen,” fortel Valborg Hope.

Politimannen tok førarkortet med seg, og drosjekvinna måtte følgja han til politistasjonen. Folk snudde seg og glodde etter dei.

”Eg vart så flau så! Men han vart no fælt slakjen då han kom att med sertifikatet til meg. Det var greit, eg kunne få køyra, alt var i orden! I dei dagar var da ikkje mange kvinnfolk som køyrde, og då tenkte han at no skulle han gjera eit fæla kupp og ta meg. Han trudde eg hadde stole både bil og alt sammen selvfølgeleg,” ler Valborg Hope.

Hjulskift

Ho køyrde drosje i nesten 50 år, og var sjølvhjelpen med det meste. Ein gong punkterte ho oppe ved Fanahallen. Då imponerte ho bergensarane.

”Da var ikkje sånt utstyr då som no: Da var slangar, og køyrde du på ein spikar, så punkterte da, ” forklarer ho. Valborg var ikkje kvien og gjekk i gang med dekkskiftet. Rundt henne samla det seg mange tilskodarar. ”Da var nett som ei mauratua! Så var da ein gammal mann som kom og sa at da er no ein verkstad nett forbi hjørnet her borte. ”Eg kan ikkje køyra på felgen,” sa eg, ”så eg lyt no skifta hjul.” Valborg jekka opp bilen og gjorde jobben. ”Detta gjekk voldsomt fint da, og eg var så feigen eg fekk hjulet på igjen og fekk køyra vidare. ”Det må jeg si var godt gjort,” kommenterte den gamle mannen!”

Du kan lesa meir om drosjesjåførar, rutebillag og samferdsle i Fusa dei siste 100 åra i ”Heilt andre tider. Fusa 1900-2000” band II.

Drosja til Valborg Hope frå 1950. Å køyra Studebaker vart rekna som eit karstykke den gongen.
Frå Lokalhistorisk Arkiv i Fusa/Biletsamlinga
ARRESTERT: Drosjesjåfør Valborg Hope.
RUNE STØLÅS