Eit hav av tid
For folk som Roar Hermansen er den ultimate avkoplinga å slenge ut ein sluk og vente på at noko skjer.
AV: hans k. mjelva
Har du tips om gode fiskeplassar i bergensområdet? Gje oss beskjed på nyhetsweb@bt.no
– PAPPA! EG FÅR aldri noko på denne sardinen her!
Marita Hermansen (7 1/2) ser liksomsurt på sluken, før ho slepp snøret ut i den rolege sjøen.
– Jo, plutseleg seier det bang, seier far Roar Hermansen.
Vi har vore ute i tre og ein halv time utan å få noko. Plastsnekka har tøffa opp gjennom skjergarden på vestsida av Øygarden til Nautnes, der vi åt is, så gjennom sund og kanal til Stureknollen på austsida.
FOTO: Jan M. Lillebø
Der fekk vi napp. Storfisk, kan vi seie. Men han glapp, som storfisk ofte gjer. No har vi gått sørover og ligg i Nordra Straumsund. Her treng du strengt tatt ikkje båt. Ein gjeng er på veg ned under brua på nordsida med fiskestenger i nevane.
I DEI STORE straumane under bruene oppover i Øygarden finn du nokon av dei beste fiskeplassane i sjø nær Bergen. Det meiner i alle fall Linda Steinsland i Bergen Jæger og Fiskerforening (BJF).
– Ja. Der ute får du stor fisk, seier ho.
Steinsland har vore på mange fisketurar i Øygarden, på Sotra og Askøy. Resultatet av turane finn du i kartet på side 26 og 27, eit kart ho skal utvikle vidare og etter kvart leggje ut på BJF sine nettsider.
FOTO: Jan M. Lillebø
Ho har òg vore her vi ligg og duvar i båten til Roar Hermansen, i Nordra Straumsund. Det tek om lag ein time å køyre hit frå Bergen sentrum. Er du ikkje sugen på ein så lang tur, finst like bra stader nærmare byen. Som Rongsundet.
HERMANSEN OG andre havfiskarar går gjerne lenger ut i havet når dei skal fiske. Leitar etter grunnar, kantar og gunstige straumforhold. Styrer etter kartplottarar (GPS) og ekkolodd.
Gode fiskeplassar på sjøen er eit kapittel for seg, og har du lyst å fiske på sjøen fins det fleire stader å leige båt. Til dømes på Nautnes, der Otto Forstrønen fortel at dei tek 1200 kroner dagen for ein båt med 50 hestars motor og GPS.
FOTO: Jan M. Lillebø
Men sjølv utan båt er det mange plassar å fiske i sjø, frå land. Under bruer, i sund, på moloar og på kaier i kystkommunane vest og nord for Bergen (sjå kartet). I Osterfjorden kan du fiske regnbogeaure, og sjølv på fine bade- og rekreasjonsområde som Ervikane i Os er det gode fiskeplassar.
Og er du interessert i ferskvassfiske, finst det mange gode fiskevatn i Bergen og omegn. Dei finn du på det interaktive fiskeplasskartet øverst i artikkelen.
For deg som skal fiske frå land i sjø kan eit anna tips vere å sjekke kor djupt det er. Du kan anten kjøpe eit sjøkart, eller gå inn på Fiskeridirektoratet sine nettsider (sjå «Nyttige nettsider»).
– INGEN VIL HA en liten sardin, syng Marita, medan sardinkroken driv i straumen under oss.
Far Roar er medlem av Bergen Havfiskeforening og har ei stong og ei snelle (havfiskarar brukar sneller med liggjande trommel, såkalla multiplikatorsnelle) som sikkert kan dra opp ei lange på 20 kilo. No dreg han opp dagens første. Ein 15 centimeter lang uer.
– Ser du kva slags uer det er, spør han Marita, men svarar sjølv.
FOTO: Jan M. Lillebø
– Ein lusuer.
– Men vi skal halde fram å fiske. Eg drog ikkje ut her for å få ein liten lusuer, seier Marita.
50 meter under oss er det ein som vil ha ein liten sardin. Det rykkjer til i stonga til Marita. Ho sveivar opp.
– Vi har fått ein makr... Nei, det er ikkje makrell, seier Marita, i det ho lyftar fisken inn i båten.
– Nei, det er ein liten pale, seier far.
For deg som ikkje er herifrå: Pale er ein liten sei.
Ikkje den store fangsten, men sola skin og dagen er fin. Og no er gjengen under brua i gang med å fiske. Roar Hermansen har sett det før:
– Dei dreg opp stor fisk her. Eg såg ein gong ein som drog opp ei lange på ni kilo her. Han stod oppe på brua.
Har du tips om gode fiskeplassar i bergensområdet? Gje oss beskjed på nyhetsweb@bt.no
Les også
Siste fra Lokalt
Saltvann
Sei, torsk, lyr, makrell og lange er dei vanlegaste saltvassfiskane i Bergens-området. Les kva dei ulike artane oftast lar seg lokke på kroken av:
Sei (Pollachius virens)
Sesong: Heile året
Storleik: Opptil 120 cm
Sei finn ein både i dei frie vassmassane (pelagisk) og på botn, frå 0 til 300 m djupn. Ein stimfisk som kan samle seg i store mengder der det er godt med mat.
Lyr (Pollachius pollachius)
Sesong: Heile året.
Storleik: Opptil 130 cm.
Lyr har eit utprega underbitt og ei mørk og bua sidelinje. Arten lever i dei frie vassmassane ned til 200 m djupn. Lyren er ein varmekjær art, og først om vinteren vandrar den ut på djupare vatn.
Torsk (Gadus morhua)
Kysttorsk: Heile året
Storleik: Opptil 150 cm
Torsken er ein av dei vanlegaste og økonomisk viktigaste av våre saltvassfiskar. Kysttorsken er ein utprega botnfisk, og er å finna frå fjæra og ned til ca. 600 m.
Makrell (Scomber scombrus)
Sesong: April–november.
Storleik: Sjeldan over 40 cm.
Makrellen er ein pelagisk, hurtigsymjande fisk som om sommaren og utover hausten opptrer i store stimar langs kysten. Fisket foregår hovudsakleg i sommarhalvåret.
Ferskvann
Ørret, røye, gjedde og ål er de vanligste fiskeartene i vannene i Bergen. Les her hva de ulike artene oftest lar seg lokke på kroken av.
Ørret (Salmo trutta)
Ørreten er den mest populære og mest utbredte fiskeart i Bergensregionen. Størrelse og useende varierer sterkt med miljøet den lever i. Ørreten fanges med de fleste redskaper. Fluefiske og markfiske er populært i våre områder. Beste fisketid er i den lyse årstid. Vanlig størrelse i regionen 250 gram. Men enkelte vassdrag kan produsere fisk opp mot 2 kilo. Større eksemplarer er sjeldne i vår region.
Røye (Salvelinus alpinus)
Røyen er utbredt på Bergenshalvøyen og den nest vanligste laksefisken i området. Den er vanskelig å fange på sluker og vanlig agn. Bruk små spinnere og fluer. Røyen fanges lettest mens vannet ennå er kaldt, oftest om våren og om høsten. Når vanntemperaturen stiger om sommeren, trekker røyen ofte ut på dypere vann. I stille sommerkvelder går den ofte i små stimer som plukker insekter i vannskorpen. Røyen gyter i oktober og da samles de i store stimer. Kjøttet faller i kvalitet i gytetiden.
Ål (Anguilla anguilla)
Ferskvannsålen er svært utbredt i Bergensområdet. Ålen oppnår hos oss en vekt på maks 3 kilo. Ålens blod er giftig, har du åpne sår må du holde dem unna blod fra ålen. Kokt eller stekt ål er ufarlig, og kjøttet er meget fett og velsmakende.
Fra 1. juli ble det innført et totalforbud mot fritidsfiske av ål i sjø og ferskvann, men forskriftens hovedregel er at det fisket som pågår i dag kan fortsette. Fra og med 2010 vil forbudet også gjelde for yrkesfiskere. Ål er listet som en sterkt truet art i Norsk Rødliste 2006 og er ikke ansett å produsere et høstingverdig overskudd. Les mer her.
Gjedde (Esox lucius)
Gjedden har ingen høy status i Bergensregionen og blir gjerne sett på som ufisk. Noe av grunnen ligger i dens evne til å redusere ellers brukbare ørretbestander. Andre grunner er kanskje rollen den kan ha spilt som ”nabo-hevn” opp gjennom tidene. Smaken av gjedde minner om saltvannsfisk. Det er en viss tradisjon for i vårt distrikt å lage fiskemat av gjedde. Beste fiskeperiode er januar til mars og mai til oktober. Fisket foregår stort sett med sluk, gjerne store. Vanlig størrelse er fra et halvt til 5 kilo. Men fisker på 18 og 22 kilo skal være fanget i bergensområdet.
Nyttige nettsider
Sjøkart: kart.fiskeridir.no/adaptive
Fiskeartar: www.imr.no/temasider/fisk/nb-no , www.fiskeri.no/fiskeslag.htm
Båtutleige: www.nautnes.com og www.aarvika.no . Sjekk òg feriesenter/rorbuer, der fleire leiger ut ledige småbåtar.
Friluftsområde: www.bof.no
Fiskeforeiningar: www.bjf.no, www.njfl.no, www.bergensportsfiskere.no, www.bergenhavfiskeforening.com, www.sotrahavfiske.no
Andre nyttige nettsider:
www.fiskersiden.no/index.php?option=com_content&task=view&id=111&Itemid=5