Sjå større kart her

Har du tips om gode fiskeplassar i bergensområdet? Gje oss beskjed på nyhetsweb@bt.no

– PAPPA! EG FÅR aldri noko på denne sardinen her!

Marita Hermansen (7 1/2) ser liksomsurt på sluken, før ho slepp snøret ut i den rolege sjøen.

– Jo, plutseleg seier det bang, seier far Roar Hermansen.

Vi har vore ute i tre og ein halv time utan å få noko. Plastsnekka har tøffa opp gjennom skjergarden på vestsida av Øygarden til Nautnes, der vi åt is, så gjennom sund og kanal til Stureknollen på austsida.

RUGG?: Det kan sjå ut som om Roar Hermansen er i ferd med å dra inn ein sværing nordaust for Sture-terminalen. Men kroken til dottera Marita sit bom fast i tareskogen hundre meter lenger nede. FOTO: JAN LILLEBØ
Jan M. Lillebø

Der fekk vi napp. Storfisk, kan vi seie. Men han glapp, som storfisk ofte gjer. No har vi gått sørover og ligg i Nordra Straumsund. Her treng du strengt tatt ikkje båt. Ein gjeng er på veg ned under brua på nordsida med fiskestenger i nevane.

I DEI STORE straumane under bruene oppover i Øygarden finn du nokon av dei beste fiskeplassane i sjø nær Bergen. Det meiner i alle fall Linda Steinsland i Bergen Jæger og Fiskerforening (BJF).

– Ja. Der ute får du stor fisk, seier ho.

Steinsland har vore på mange fisketurar i Øygarden, på Sotra og Askøy. Resultatet av turane finn du i kartet på side 26 og 27, eit kart ho skal utvikle vidare og etter kvart leggje ut på BJF sine nettsider.

PALE: Etter mange timar på sjøen fekk Marita (7 ½) endeleg fisk. Ein pale like under Nordra Straumsundet bru i Øygarden. Dette er ein av dei beste fiskeplassane for dei som ikkje har båt. Far Roar Hermansen har sett mange ta stor fisk frå svaberga under brua. FOTO: JAN LILLEBØ
Jan M. Lillebø

Ho har òg vore her vi ligg og duvar i båten til Roar Hermansen, i Nordra Straumsund. Det tek om lag ein time å køyre hit frå Bergen sentrum. Er du ikkje sugen på ein så lang tur, finst like bra stader nærmare byen. Som Rongsundet.

HERMANSEN OG andre havfiskarar går gjerne lenger ut i havet når dei skal fiske. Leitar etter grunnar, kantar og gunstige straumforhold. Styrer etter kartplottarar (GPS) og ekkolodd.

Gode fiskeplassar på sjøen er eit kapittel for seg, og har du lyst å fiske på sjøen fins det fleire stader å leige båt. Til dømes på Nautnes, der Otto Forstrønen fortel at dei tek 1200 kroner dagen for ein båt med 50 hestars motor og GPS.

ROR: Ei plastsnekke med Saab-motor går nesten av seg sjølv, og med litt kunnskap kan GPS og ekkolodd vise veg til dei gode fiskeplassane. FOTO: JAN LILLEBØ
Jan M. Lillebø

Men sjølv utan båt er det mange plassar å fiske i sjø, frå land. Under bruer, i sund, på moloar og på kaier i kystkommunane vest og nord for Bergen (sjå kartet). I Osterfjorden kan du fiske regnbogeaure, og sjølv på fine bade— og rekreasjonsområde som Ervikane i Os er det gode fiskeplassar.

Og er du interessert i ferskvassfiske, finst det mange gode fiskevatn i Bergen og omegn. Dei finn du på det interaktive fiskeplasskartet øverst i artikkelen.

For deg som skal fiske frå land i sjø kan eit anna tips vere å sjekke kor djupt det er. Du kan anten kjøpe eit sjøkart, eller gå inn på Fiskeridirektoratet sine nettsider (sjå «Nyttige nettsider»).

– INGEN VIL HA en liten sardin, syng Marita, medan sardinkroken driv i straumen under oss.

Far Roar er medlem av Bergen Havfiskeforening og har ei stong og ei snelle (havfiskarar brukar sneller med liggjande trommel, såkalla multiplikatorsnelle) som sikkert kan dra opp ei lange på 20 kilo. No dreg han opp dagens første. Ein 15 centimeter lang uer.

– Ser du kva slags uer det er, spør han Marita, men svarar sjølv.

RAUD: Lusuer er ein av dei mange, rare fiskeslaga du kan få på kroken når du fiskar i sjøen på norskekysten. Denne enda sine dagar i Øygarden. FOTO: JAN LILLEBØ
Jan M. Lillebø

– Ein lusuer.

– Men vi skal halde fram å fiske. Eg drog ikkje ut her for å få ein liten lusuer, seier Marita.

50 meter under oss er det ein som vil ha ein liten sardin. Det rykkjer til i stonga til Marita. Ho sveivar opp.

– Vi har fått ein makr... Nei, det er ikkje makrell, seier Marita, i det ho lyftar fisken inn i båten.

– Nei, det er ein liten pale, seier far.

For deg som ikkje er herifrå: Pale er ein liten sei.

Ikkje den store fangsten, men sola skin og dagen er fin. Og no er gjengen under brua i gang med å fiske. Roar Hermansen har sett det før:

– Dei dreg opp stor fisk her. Eg såg ein gong ein som drog opp ei lange på ni kilo her. Han stod oppe på brua.

Har du tips om gode fiskeplassar i bergensområdet? Gje oss beskjed på nyhetsweb@bt.no