• Eg har 'kje opplevd maken. Nokre garn har eg trekt etter kvart, men kan ikkje minnast at eg har kome til kai med haug på båten.

STEINAR HYSTAD

Plastbåten på 10-12 fot er vanlegvis meir enn stor nok til både Harald Huglen, dramannskap og fiskefangst. Berre ikkje tysdag morgon. To sildegarn som hadde stått natta over med landfeste i moloen ved småbåthamna i Sævarhagsvikjo på Stord var så fullsette at det vart nett nok fribord til å få reiar og last trygt til kai. Der fekk Huglen hjelp frå gode grannar til å plukka «eit hav av sild» or notveggene.

Det blir med den eine garnnatta denne vinteren for Huglen og Co. Dei fekk nok til seg og sine — og så venta det ein hel del arbeid med å gjera silda rein og klar for lakebad, røyking og oppheng. Festmåltidet med årets lubbesilda må venta til gauken gjel. Slik er den matregelen.

I følgje Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag er sildefisket usedvanleg godt for tida, og mykje betre enn i fjor på denne tida. Men yrkesfiskarane er misnøgde med prisen dei får. Silda blei tysdag omsett for mellom 2,80 og 3,60 kroner per kilo. Det er berre halvparten av besteprisen i fjor. Minsteprisen ligg år på 3,25 kroner for den beste kvaliteten og 2 kroner for den nest beste.

— Det er med sild som med jordbær. Dei første jordbæra er dyre. Slik er det med silda også. Når dei store mengdene kjem, fell prisen, seier salsleiar Garvik til NTB.

Silda er dessutan noko mindre enn den var i fjor. Det trekk også prisen ned.

STORFANGST: 1500 og 2000 sildar vart fangsten på to garn vedSævarhagsvikjo på Stord. Dei har ikkje opplevd maken til storfangst,f.v. Oddvar Lauksund, Rolf Kristoffersen og Harald Huglen.FOTO: STEINAR HYSTAD