TERJE ULVEDAL

Brorparten av dei 1700 øybuarane kjem uansett til å halde fram med å ta ferje til fastlandet. Berre eit fåtal bremangringar vil nytte nyvegen med bru og undersjøisk tunnel til 325 millionar kroner.

Ein vegstubb manglar

Grunnen? Ein viktig del av Bremangersambandet manglar, andre byggjesteg frå Langesi på riksveg 614 og til Bortnen, bygda som nyleg blei kjend etter å ha blitt vald som årsmøtestad for Vestlandske Mållag. Denne vegstubben vil korte inn køyrelengda mellom Bremangerlandet og kommunesenteret Svelgen med 33 kilometer. Då kan ferjesambandet mellom Smørhamn og Kjelkenes på fastlandet leggjast ned.

Når det skjer? Heilt uvisst. Men truleg i alle fall ikkje før etter 2011.

Inntil då er sambandet vegdirektør Olav Søfteland skal opne komande fredag ein omveg for dei alle fleste. Også for dei som får vegutløysinga si.

Panorama

Men snakk om vakker omveg! Det dryge kvarteret i bil frå Kolset på fastlandet til Klubben på Bremangerlandet er ei reise gjennom noko av det mest historiske i norsk historie.

Her får du panoramautsikt mot Hornelen som reiser seg mot himmelen. Her var det at Olav Trygvason, i følgje Snorre, klatra til topps med skjoldet i handa.

Og når du stoggar på rasteplassen Gloføykje ved Skatestraumen for å beundre det storslagne fjellet, står du midt i Nord-Europas største steinalderfunn. Arkeologar har registrert meir enn 1000 buplassar i eit av dei rikaste funnområda på Vestlandet. Dei eldste er 7500 år gamle.

På folkemunne blir det sagt at då utgravingane tok til i 1991, blei funna så mange at arkeologane frå Historisk Museum i Bergen til slutt rett og slett ikkje orka meir.

Eit sentrum

I steinalderen må Skatestraumen ha vore eit av områda i landet der det budde mest folk. Klimaet var mildt. I sjøen gjekk feite fiskar tett, og gav grunnlag for busetnad heile året. Og på land beita hjorten. Her slo fangstfolket seg ned. Både frå steinalder, bronsealder og yngre jarnalder låg buplassane tett i tett. I ei tid då det knapt budde eit menneske i Måløy, Svelgen eller Førde. Slik Skatestraumen ligg, ved utløpet av Nordfjorden og nær leia, var han og sentral for folk som var på reise.

Eit sentrum i landet. Men det var den gongen. No er det fråflyttingsområde. Det skal nyvegen vere med på å stoppe. Spørsmålet er kor stor effekten blir. Av ein omveg.