I ei tid med aukande arbeidsløyse ser Bergens Tidende nærare på to vestlandskommunar som har fått statleg omstillingsstatus og som aktivt satsar på kultur for å snu ei negativ utvikling: Etter Odda er turen komen til Bremanger. Tidlegare artiklar har stått 13., 14., 17., 21., 22., 24., 26. og 28. juli.

— Det ligg eit enormt potensial i å presentera dette materialet saman, men det som er gjort til no er ynkeleg lite, meiner rådgjevar Gunnar Skjølberg i Bremanger kommune. I mange år har han guida folk i Vingen, eit område den tidlegare skulesjefen kjenner betre enn dei fleste.

- Burde fått kopiar

— Frå Bergen Museum burde vi i alle høve fått lysbilete, helst kopiar, av eit representativt utval av funna frå Skatestraumen. Då kunne vi hatt ei lokal utstilling som sette Vingenfeltet og Skatestraumen inn i ein samanheng og synte heile konteksten av landskap og kulturminne som vitnar om den årtusenlange menneskelege aktiviteten som har funne stad i dette området, seier han.

Skatestraumen ligg nokre kilometer nordvest for Vingen, og fagfolk trur at Vingen har vore ein kultisk møtestad for menneske som budde i Skatestraumen. I sundet mellom Rugsundøy og Bremangerlandet går straumen sterk, og området er svært rikt på fisk og andre sjøpattedyr. Difor har det vore stor aktivitet der så langt attende som 7500 år før vår tid. På begge sider av Skatestraumen er det registrert og prøvegravd 153 boplassar frå sein steinalder og tidleg bronsealder. Funna viser at det blei drive jordbruk, fangst og februk.

Skjølberg tek oss med på ei forsiktig vandring mellom all bergkunsten inst i den tronge fjordarmen Vingepollen. Rett framføre oss stig fjellsidene bratt til vers, det er mest uråd å koma hit utan å ta sjøvegen. Vi går i eit sandsteinfelt, som er 360 millionar år gamalt og eit av dei største i Europa.

Bileta forvitrar

Heile landskapet rundt, om lag 5.000 dekar, er verna, medan det meir avgrensa arealet med dei kring 1500 figurane sjølvsagt er freda. Her har folk med den enklaste reidskapen hogge inn bilete av dyr, framfor alt hjort, men også menneskefigurar og abstrakte symbol på svaberga og på lause steinar.

Men bileta forvitrar, mange kan du knapt sjå om ikkje sollyset er «rett». For tjue år sidan streka museumsfolk opp linene i dei mest interessante bileta med raudmåling. Men uvisse om slikt kan skada kunsten, gjer at ein ikkje har halde fram med dette.

Det er staten, ved Historisk Museum i Bergen, som eig feltet. Gunnar Skjølberg legg ikkje skjul på at mistru og interessekonfliktar somme tider har skapt misstemning.

— Vi har inntrykk av at museet helst har vilja ha dette som si eiga leikestove. Oss ser dei visst på som amatørar som det er farleg å sleppa inn i området, vi kan jo gjera skade på feltet. Ei slik haldning reagerer vi på lokalt, for vi er minst like interessert i å ha ein så unik kulturskatt intakt i kommunen vår.

Undervisingsmateriell

Bremangerane set heller ikkje pris på den manglande responsen frå museet på framlegget om å utarbeida eit undervisingshefte om Vingen til bruk i skulen. For at skuleklassar skal få fullt utbyte av ei vitjing til Vingen, vil Bremanger kommune få laga eit opplegg, men til det treng dei fagleg bidrag frå museet.

— Eit slikt hefte kunne nyttast til før- og etterarbeid i klasserommet. Eit besøk til Vingen skal ikkje berre vera ein tur. Elevane vil jo sitja igjen med både kulturoppleving og historisk oppleving – og kunnskap – etter å ha vore her.

No er det semje mellom kommunen og museet om kor stort omfanget av besøk kan vera på det svært sårbare området, fortel Skjølberg. Dei er likeins samde om den ruta dei besøkande skal takast gjennom slik at dei får sjå eit tverrsnitt av feltet utan å gjera skade på figurane.

Ferdsleforbod

Sidan 1996 har Historisk Museum hatt eit bergkunstprosjekt, som m.a. freistar finna fram til metodar som kan stogga nedbrytinga av helleristingsfeltet. Når det vert fullført i 2005, vonar Skjølberg at det kan bli lettare for folk å sleppa til.

— Då kan dei sikkert betre konkludera kor mykje feltet toler og kva for rute det er tryggast at dei besøkande følgjer.

Men det generelle ferdsleforbodet vil måtta stå ved lag, og framleis vil det berre vera guida turar på søndagar. Skjølberg seier seg glad for at det no på det næraste er slutt på dei «ville» besøka som ofte førekom tidlegare.

Kor mange som i framtida får sleppa til på guida turar, torer han ikkje meina så mykje om. Men så mange fleire enn 200-300 besøk i løpet av den korte sesongen mellom midten av juni og utgangen av august, trur han ikkje det blir. Så kjem nokre skuleklassar i tillegg.

<b>KULTURSKATT:</b> Det er ikkje så lett å sjå kva for skattar av bergkunst som skjuler seg i terrenget i Vingen. <br/> (FOTO: HELGE SUNDE)
HELGE SUNDE