Det livaktige fenomenet har gjennom tidene verka skremmande på mange og gitt opphav til ei rekkje mytar og folketru.

Indianarane trudde nordlyset var gudane som dansa på nattehimmelen, medan eskimoane tenkte at dei døde held til i det.

Farleg å terge

Mange stader meinte ein at ein kunne terge nordlyset ved å plystra eller vifta med eit kvitt tørkle, noko som kunne skapa både sjukdom og død. I Norden var det særskilt kvinnene som måtte passa seg. Gjekk ho utan noko på hovudet, risikerte ho å miste håret når nordlyset i vreide steig ned og sleit håret av dei.

Gamle, ugifte kvinner

På Vestlandet hadde me også nokre særeigne førestellingar. Heilt fram til 1900-talet trudde fleire at nordlyset var gamle, ugifte kvinner som dansa og vifta med kvite vottar. Det gav opphavet til eit lite smigrande ordtak: «Ho er so gamal at ho kjem snart i værljoset.»

Andre såg på nordlyset som eit varsel om dårlege tider. Ifølgje/i følgjet historia skal ein i Bergen ha observert eit kraftig nordlysutbrot 1. nyttårsdag 1702, same året som store delar av byen vart lagt i oske. Eit tilsvarande nordlys vart observert før brannen i Bergen 1582.

Kjelde: «Nordlyset kulturarv og vitenskap» av Asgeir Brekke og Alv Egeland