Sist veke vart det reist tvil om kva Meland kommune eigentleg meiner om saka. Eit samrøystes kommunestyre vedtok opprettinga av selskapet Nordhordlandspakken AS. Men like samrøystes vedtok dei og at dei ikkje dermed hadde sagt ja til bompengar.

— Dette er berre i tråd med det som vi og dei andre kommunane i Nordhordland har meint heile tida, seier gruppeleiar for Høgre i Meland kommunestyre, Nils Marton Ådland, til Bergens Tidende.

— Vi har bestemt at det skal utarbeidast ein bompengesøknad for å finansiera Nordhordlandspakken. Innhaldet i den søknaden skal kommunestyra ta stilling til etter sommaren. Men eg reknar med at vedtaka vil innehalda eit viktig atterhald - nemleg at staten skal bidra med minst 50 prosent. Dersom staten ikkje gjer det, vert det ingen Nordhordlandspakke, seier Ådland.

At Meland kommunestyre tok atterhald på bompengane i denne omgang, betyr ikkje at dei dermed har sagt nei til bompengar. Men ja til bompengar er knytt opp til minst 50 prosent statleg bidrag, understrekar Nils Marton Ådland.

Leiar i Regionrådet for Nordhordland, Masfjord-ordførar Håkon Matre, seier til Bergens Tidende at Nordhordlandspakken AS er eit pådrivarselskap for betre vegar i Nordhordland. Det er selskapet si oppgåve å få utarbeidd bompengesøknad. Men ei minst like viktig oppgåve er det å få drege staten sitt bidrag til vegutbygginga i regionen så høgt opp som råd er.

— Det er viktig at alle kommunane står samla om bompengesøknaden. Dersom Nordhordlandspakken fell, vert det ikkje mykje att av vegplanane våre, seier Håkon Matre.

Han vonar bompengesøknaden kan handsamast i Stortinget våren 2007.