— Galskap, seier kafeeigar Anders Skjelde. Og då er det ikkje spelegalskap han meiner, men styresmaktene sine krumspring for å takla fenomenet.

— Dersom siktemålet var å få bukt med spelegalskap, ville det ikkje vera nok å påby restriksjonar på speleautomatar som vert drivne meir eller mindre i privat regi. Dei måtte også forby tipping, lotto, hestevedding og alle dei andre pengespela som statlege organ er involvert i, seier Skjelde til Bergens Tidende.

Tidlegare var det to speleautomatar å variera tidtrøyta på i kafeen på Eide (Granvin sentrum). Men brått kom utsendingar frå automat-entreprenøren og tok den eine med seg, utan tvil etter signal for offentleg tilsyn, seier Skjelde.

Også speleautomaten som stod i butikken oppe ved bensinstasjonen vart fjerna i same slengen.

— Automatane har hatt svært mykje å seia for økonomien i Granvin Idrettslag. Dei betyr ein god del også for oss som driv kafear og butikkar, både i form av leigeinntekter og meiromsetnaden som fyljer større tilstrøyming av publikum, seier Skjelde.

Han synest tidspunktet for nye forbod er svært dårleg; om lag samstundes med at røykelova får folk til å halda seg heime, meir enn før.