ARNE HOFSETH

Til dagleg jobbar han som klatrar på oljeriggar i Nordsjøen. Der kjem han ikkje høgare enn 125 meter over havet. Toppen av Everest ligg 8850 meter over havet, to meter høgare enn folk flest har trudd lenge. Her oppe er lufta så tynn at helikopter ikkje får løft til å berga deg ned att. Dei som døyr her oppe, blir liggande. Det har nær 200 gjort sidan 1953.

Forsmak i haust

Han har nesten gjort det før. I 2004 klatra han til topps på Cho Oyu, det sjette høgste fjellet i verda, 8201 meter over havet, om lag tre mil nordvest for Everest.

Derifrå kunne han sjå nordveggen på Everest i det fjerne, og ruta han sjølv skal ta mot toppen. Den er litt vanskelegare enn den vanlege ruta frå Nepal på sørsida. Men naturen er flottare og det er færre andre klatrarar på Tibet-sida.

— Er det ikkje veldig risikabelt å klatra åleine?

— Ikkje slik eg ser det. Det skal noko til at dagsformen er på topp hjå fleire personar samstundes i ein slik situasjon. Og fysisk, så vel som psykisk toppform må til for å nå toppen. Dessutan er det lite du kan gjera dersom nokon i fyljet får alvorlege problem. Alle har nok med seg, seier hardhausen frå Granvin til Bergens Tidende.

Lit på seg sjølv

Han vil vera uavhengig av andre klatrarar sin dagsform, klatredugleik og dømekraft.

— Har du dårlege røynsler med klatrekameratar?

— Nei, ikkje eg personleg. Men eg har lese om det og sett nokre døme på nært hald. I slike ekstreme situasjonar kjem spenning, frykt og redsle til overflata. Bagatellar blir lett til krangel, også slagsmål.

Når han toppen, blir han første nordmann som har greid dette åleine.

— Og du skal ikkje ha med oksygenflasker. Er det fordi du ikkje vil leiga folk eller oksar til å bera alt utstyret, slik alle andre gjer i Himalaya?

— Det heng litt saman. Eg kan bera alt sjølv fordi eg ikkje dreg med oksygen. Oksygenet «senkar» høgda over havet med rundt tusen meter. Det gjer alt lettare. Men samstundes blir det livsfarleg dersom det skulle oppstå eit teknisk uhell, til dømes at ventilen frys, og du misser gasstilførsla, seier Trå.

Uredd

For å greia turen åleine, er han avhengig av lett utstyr. Han skal prøva ut nye produkt frå Bergans, og tippar vekta på ryggsekk med innhald til 12 kilo når han gjer toppstøtet, truleg midt i mai.

— Er du ikkje det minste redd for at dette skal gå gale?

— Eg ser fram til turen med glede og forventning, ikkje frykt. Eg har stor respekt for oppgåva, og veit det blir tøft, men er ikkje redd. Det einaste eg fryktar er halsbetennelse, diare og andre småsjukdomar. Men kroppen sitt sterkt reduserte immunforsvar i slike høgder, kan heilt banale helseproblem føra til at turen må avbrytast. Det ville vore bittert, forklarar Trå.

Akklimatisering

Rundt 5. april vil han etablera baseleir ved enden av bilvegen, 5200 meter over havet. Etter nokre dagar i ro, held akklimatiseringa fram med stadig lengre turar inn mot toppen, og med kviledagar i lågare høgder innimellom. Så høgt over havet kjem ingen menneske levande frå langvarig opphald.

Den aller første turen går truleg berre halvparten av dei 26 kilometerane frå baseleiren til foten av fjellet, der han skal plassera den framre baseleiren.

Når Jarle Trå har baska seg fram og attende mellom leirane, og båre på florlett utstyr som kjennest blytungt, i rundt seks veker, vonar han å kunne gjera toppstøtet midt i mai. Då går det berre ein veg, framover og oppover, i tre eller fire dagar, frå baseleiren ved bilvegen og like til topps.

— Og der vil du veiva det norske flagget 17. mai?

— 17 mai er faktisk ein ganske aktuell dato slik vêrtilhøve plar vera der oppe. Men heilt andre faktorar enn flaggveiving avgjer datoen. Skal eg i det heile ha med eit flagg, må det vera bitte lite og florlett.

Prioriterer annleis

Han veit om minst to andre norske ekspedisjonar som ha Everest som mål om lag på same tida.

— Vi blir 15 nordmenn om lag samstundes oppe i fjellet. Det kan bli hyggeleg å møtest, reint sosial, men har ikkje tenkt å innleia samarbeid om klatringa med nokon av dei, seier Trå.

— Kven har sagt at akkurat du må til topps på Everest, mor di?

— Nei, så avgjort ingen heime. Men dei aksepterer at eg prioriterer annleis enn andre. Eg set slike oppgåver høgare enn jobb og det å stifta eigen familie.

— Kva blir det neste?

— Det blir heilt sikkert noko meir. Kva, det veit eg ikkje no. Det er mange utfordringar å velja mellom, seier Jarle Trå.

AKKLIMATISERING: På akklimatiseringstur - toppen av Cho Oyu (8201 m.o.h.), tre mil frå Everest, i bakgrunnen.
ÅLEINE: Når Jarle Trå toppen, blir han første nordmann som har greid dette åleine.
PÅ JOBB: Jarle Trå jobbar som klatrar på Sleipner A-plattforma i Nordsjøen.