— Folk syns det som har skjedd er veldig trasig, seier ordførar Trude Brosvik.

SolGul Blomst hadde i fem år avtale om post i butikk i Eivindvik og på Hardbakke i Solund. Men for to år sidan sa dei opp.

— Posten betalte oss mellom 200 og 300 kroner dagen. Post i butikk var rett og slett tap, seier eigar av blomsterbutikken, Erene Wilberg.

Nei til «Post i kommunen»

Posten greidde ikkje å få på plass ein ny avtale i Eivindvik.

30. november blei siste pakken levert frå blomsterbutikken. No er landpostbodet einaste alternativet for eivindvikarane. Og er dei ikkje heime når landpostbodet kjem på døra, må pakkane hentast 25 kilometer unna, på Dalsøyra.

— Då SolGul Blomst sa opp avtalen med Posten, skjønte vi at det kunne bli vanskeleg å finne nokon til å ta over. Vi har tatt opp saka med både Posten og Samferdsledepartementet, seier Brosvik.

I Eivindvik prøvde Posten å få kommunen til å ta over drifta. Fleirtalet i kommunestyret sa nei. Og det er pengane det står på.

— På stader der det er fleire butikkar, er det ein fordel å ha post i butikk. Det dreg kundar. I Eivindvik har vi ein monopolsituasjon. Då blir posttenester eit tapsprosjekt, seier Trude Brosvik.

Einaste i landet

Informasjonssjef Eivind Rossen i Posten Noreg trur Eivindvik er einaste kommunesenter i landet som ikkje har anna enn landpostbod.

— Bør ikkje Posten ha som minstemål å oppretthalde eit postkontortilbod i kommunesentra?

— Vi har prøvd så godt vi kan, til slutt med eit utspel overfor kommunen. Vi synest det er underleg at det ikkje er interesse for å drive post i butikk.

— Står ikkje dette på pengar, Rossen?

— Vi har strekt oss så langt vi kan.

Rossen opplyser at dei har inngått ein avtale om post i butikk på Dingja Landhandel. Når den nye vegen opnar mellom Eivindvik og Dingja i mai, vil eivindvikarane få i alle fall noko kortare veg til postkontoret enn i dag.