KJARTAN RØDLAND

Same kva du tek i no om dagen, så vert det gjerne CD av det, om det då ikkje vert DVD eller CD-ROM eller noko anna ubegripeleg. Så sjølvsagt er D/S Oster og Nordhordland Veteranbåtlag med i dansen.

Dei har sleppt, som det heiter, ein CD som heiter «Bryggedans i kystbygder», og når julekvelden kjem, vonar dei at pengane skal strøyma så rikeleg inn at dei til dømes kan gjera ferdig damesalongen om bord i båten.

Sant å seia er dei vane med at pengane kjem strøymande, Karstein Stene og doktor Lehmann og alle dei andre som kjøpte M/S «Veka» bortimot usett, og slepte henne til Bjørsvik for å gjera «Oster» ut av henne.

Dunk-dunk utan dunk-dunk-dunk

På omslaget til CD-en sin skriv dei at dette er musikk fri for hip-hop og dunk-dunk-dunk. Dei vil liksom ikkje skremma dei beste kundane sine. Men D/S «Oster» er vel ikkje heilt fri for dunk-dunk ho heller?

Det er ikkje lett å seia nei når «Oster»-gutane ringjer og ber om lov til å bruka musikk og tekst til det beste formålet i verda, og på denne CD-en er det ikkje mange som har sagt nei. Bjørn Jensen i Salhusvinskvetten greidde ikkje å seia nei, men han sende «Gniaren» til å vera med på plata. Det fekk greia seg.

Marinefolka på Haakonsvern stilte opp med Navis Vokalis og «Kystvakten», mens Øygardsgutane med Ingolf Torsvik og Norvald N. Hetlevik sytte for at «Ungdomsminner» kom med i selskapet. At etterkomarane etter Johannes Kleppevik let «Oster»-gutane få bruka «Motorbåt og ein laurdagsdans» var både rett og rimeleg, og Forsvarets Musikkorps Vestlandet kunne ikkje godt velja anna enn «Over Bølgen» for sin del.

«Masfjordvalsen» er det ikkje alle som har høyrt og dansa til, men no kan dei det, for den valsen er det Edgard's, Lisbeth Jensen og Tom Skår som dreg opp.

Jularbo og jomfrua

Så langt er det kysten og fjorden som er med. Men høyr så om ikkje innlands-trekkspelaren Calle Jularbo (i alle fall orkesteret hans) er på plass, med «Jungfrun från Jungfrusund», så her møtest skog og sjø. Geirr Lystrup held til langt oppe i fjellheimen, men «Oster» får hjelp av han også, og dei som høyrer på, kan dansa til Grendehusvalsen.

Ingen skal skulda nordastrilane for at dei ikkje er kosmopolitiske nok, ein kan berre gissa på kven det var som meinte at «Florentiske netter» med Rudi Schuricke ville appellera til både hjarte og dansefot langs ytre del av Osterfjorden. Og så var det då «Tango Brilliante»: Arnt Haugen og Gunnar G-P. Pedersen står for den flate tangoen, så flat at ein nærmast må ha redningsvest om han skal passa inn i bryggjedansen.

Inn i evigfreden med dei!

Dermed kan dei setja seg til ved kassaapparatet inne i Bjørsvik og telja kroner og øre ut på julaftan. Om det då ikkje var for ein ting: Han far sjølv i stova, Karstein Stene, har sett seg til ved den vesle pc-en sin og skrive riktig mange vers om «Dei vakraste bygder», der han reknar dei opp grend for grend frå den eine fjorden til den andre.

Ove Jan Paulsen har komponert, og syng i veg om alt frå Kolåsvarden til Vågseid, Vabø, Fjellanger og endå meir ý med takk til far og mor som bygde land med flid og som no har gått til ro i evigfreden. Dermed er vel det meste sagt og sunge!