Av Anders Hauge

Den vidaregåande skulen i Hordaland har lidd eit stort tap, men verst er tapet og størst er saknet for dei nærmaste. Tankane våre går til familien. Vi som i ei årrekkje har hatt Gunnar Dale som venn, medarbeidar og sjef, føler ei sterk sorg over at han no er borte.

Gunnar Dale gjekk alle stega i karrierestigen. Han hadde lang røynsle frå skulen då han blei konsulent hos fylkesskulesjefen. Der gjorde han ein framifrå jobb. Best hugsar eg han frå rådgjevaropplæringa som han var leiar for. Det vart eit mønster for tilsvarande opplæring i andre fylke. Eit særtrekk alt då var den omsut og respekt Gunnar hadde for den enkelte eleven, ei haldning som gjennomsyra heile kursrekkja.

Sparte seg ikkje

Gunnar Dale vart fylkesskulesjef i ung alder, og han sparte seg ikkje. Han hadde gått gradene, og vart etter kvart dreven i det politiske spelet. Han hadde svært godt samarbeid med fylkespolitikarane, og greidde å få ut store ressursar til ein ekspanderande skulesektor. Ikkje minst i dei magre tidene som kom, greidde han å få gjennomslag for at den vidaregåande skulen måtte prioriterast.

Eit godt bevis på dette er elevinspektørsaka. Mens mange fylke skar ned, fekk Gunnar Dale 30 nye stillingar som skulle styrka eleven si stilling i skulekvardagen. I sanning eit lykkekast.

Gunnar Dale såg ut over landegrensene. Etter frigjeringa hadde dei baltiske statane stort behov for økonomisk og pedagogisk hjelp for å gjenreisa og modernisera skulen. Hordaland fylke tok på seg å vera med, og Gunnar Dale stod i spissen for arbeidet. Rektorar frå den vidaregåande skulen saman med folk frå fylkesskulekontoret har hatt ei rekkje samarbeidsprosjekt med landa i Baltikum.

Respekt

Det vil føra for langt å nemna alle dei oppgåver og prosjekt Gunnar Dale har tatt på seg opp gjennom åra. Han var eit arbeidsjern, og gjennom alt han gjorde, viste respekten for skulen og den enkeltes integritet. Han kunne vera tøff til tider, ein kan ikkje vera sjef utan. Men når ein hadde gode og nødvendige prosjekt for skulen, strekte han seg alltid lengre enn langt.

Utbygginga av den vidaregåande skulen i Fusa og Os hadde ikkje vore den same utan Gunnar på laget. For Gunnar Dale var «Bjørnefjording» med liv og sjel. Han var like god med stuttorven som med pc-en, og treivst i oselvaren som i tingsalen. Alltid var det like kjekt å treffa han, og det gode humøret og den smittande låtten lyder i øyro mine kvar gong eg tenkjer på han.

Ideal og visjonar

Men Gunnar Dale var så mykje meir enn «Bjørnefjording». Han var ein skulemann med ideal og visjonar, og vilje og evne til å gjennomføra dei. Han hadde ei sterk tru på at vidaregåande skule skulle møta eleven kor han enn var på karakterskalaen, og gi meiningsfylt og relevant opplæring. For han var demokrati i skulekvardagen langt meir enn eit slagord. Gjennom arbeidet sitt fekk han langt på veg realisert visjonane sine. Enno var mykje ugjort, Gunnar var alltid på veg. Så vart vegen slutt, og vi som har fått gå saman med han, takkar for følgjet!

Fred over Gunnar sitt minne.

Gunnar Dale er gått bort, 64 år gamal. (ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG)
FOTO: RUNE SÆVIG