ANNEMARTA GISKE

Og ikkje nok med det. Skigarden er heilt ekte og fullstendig original. Kring garden sin på Valen set nemleg hestekaren Severin opp en skigard av kvite militære hickory-ski, og skia har han fått rimeleg på militære auksjonar.

Skal motbevise

— Ja, eg skal motbevise det som står i songen veit du. Denne skigarden skal vara evig den, seier Severin, som til slutt vart lei av å skifte ut tregjerde kvart femte år.

— No er det slutt på rotnande furugjerde. Og hestane kjem seg ikkje forbi lenger, for dette er solide saker. Like sterkt som mahogni, humrar han.

For berre 550 kroner har Severin fått tak i 500 par ubrukte treski med bindingar og stavar.

— Militæret legg no ned overalt, også her på Bømoen. Det er rett før Danmark kjem og tar oss. Men det er veldig gode ski, eg har faktisk fått selt eit par av dei, fortel han.

Klar til vinteren

Severin har alt sett opp 100 meter med skigard, enno har han 400 par ski som skal bli til gjerde.

— Det tek nok sommaren og hausten, men til vinteren står det ferdig.

Alt kjem folk langvegs frå for å sjå den ekte skigarden som i følgje Severin kan vare evig.

— Eg likar å finna på litt utanom det vanlege, eg har visst alltid vore sånn.

Severin var den fyrste som byrja med rideleir på Stord i 1956. I dag har han trekt seg tilbake, og tatt med seg hestane til Valen i Kvinnherad.

— Han tar feil han som laga songen. Skigarden vil nok både overleve meg og dei som skal ta over sirkuset, sluttar han.

EIN HEILT EKTE SKIGARD: PÅ Valen er Severin Eskeland i ferd med å setje opp ein ekte skigard av kvite militære ski. Og skigarden skal vara evig.

LITT UTANOM DET VANLEGE: - Eg likar å finna på litt utanom det vanlege, seier hestekaren Severin Eskeland og humrar lågt.