Ulykka skal ha skjedd på ein skogsveg i Muldsvor i Hornindal, heilt nord i Sogn og Fjordane.

— Ein person er skadd, det skal vere skader i beinet mellom anna. Han er no frakta til sjukehus, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.40 søndag føremiddag.

— Han er sendt til Førde sentralsjukehus. Vi veit ikkje at kva som har skjedd der oppe, og det var ingen vitner, seier Holme.

Klokka 18 opplyser sjukehuset at mannen har moderate skader og er operert. Han er no overført til ei vanleg avdeling ved sjukehuset.

Bengt Flaten, Fjordingen
Bengt Flaten, Fjordingen