Gjestene skal ha det godt, er forretningsidéen til Lindis Alme på Bestebakken i Hafslo. Leiargrupper frå næringslivet er ei av målgruppene, og Alme fiksar aromaterapi, massasje, fotsoneterapi, utandørs boblebad, riding, snøscooterkøyring eller gourmet-middag i skogbrynet. Det ho ikkje kan tilby sjølv, skaffar ho frå eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar.

Vetti-teikna
Kurs- og konferansestaden har berre 11 sengeplassar, men kapasiteten aukar litt når løa er ferdig ombygt. Bestebakken er bygd rundt den gamle bestestova på Bakken i lia rett ovanfor Hafslo sentrum. Bakken er eit småbruk under storgarden Tang nede ved Hafslovatnet. Lia er så bratt at gjestene som vågar seg nedover på akebrett, får skikkeleg fart.

- Vaksne karar blir som born att. Dei har det skikkeleg gøy, seier Lindis Alme.

Bakken er husbond Oddgeir sin slektsgard. Arkitekt Geir Vetti har teikna huset. Inne har han teke vare på interiøret i den gamle stova, men utvida ganske mykje. Dette er ikkje noko A4-hus. Løysningane varierer frå rom til rom, i eit samspel mellom tradisjon og krav til moderne komfort.

Eigarane si kunstinteresse kjem til uttrykk på veggane og i interiøret elles.

Bak løa er det bygt godkjend landingsplass for helikopter.

Middagslur i snøen
Ei gruppe frå grossistfirmaet H. I. Giørtz & Sønner AS har samling på Bestebakken.

- Vi har vore her før, så vi visste kva vi gjekk til, seier direktør Egil Giørtz til Bergens Tidende.

Han har sans for at deltakarane skal trivast i omgjevnadane under slike samlingar, men presiserer at verdien først og fremt ligg i høgt nivå på den faglege delen i foredragshallen, ikkje minst i diskusjonsinnlegga.

Til denne samlinga har Bestebakken hyrt inn gourmetkokken Noralf Langeteig frå Westerland på Kaupangerskogen, til å laga neslesuppe til lunsj og hjortefilet til middag i det fri. Bål i snøen gir varme til wok-pannene. Ingenting skortar på oppdekkinga høgt over treningsfeltet til fotballspelarane i Sogndal.

Ei knippe lokale snøscooterførarar står for transporten langs stølsvegen. Friske karar som ikkje går av vegen for å lira av seg ei soge eller to, med tvilsam sanningsgehalt.

Terapaut-teamet er leigt inn frå Leikanger, og tilbyr fotsonetarapi, aromaterapi og ryggpleie.

Og etterpå kan det vera godt å slappa av. Til dømes ute i snøen under eit Hafslo-pledd.