TERJE ULVEDAL

Rundt klokka eitt i dag fekk politiet melding om at miniubåten som har søkt i fjorden hadde gjort eit funn. Den omkomne blei funnen på 43 meter djupne.

Den sakna 54 år gamle Jofred Takle var seksjonsleiar ved miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Mannen blei tatt av eit ras som gjekk ved Lånefjorden søndag kveld. Måndag morgon blei det sett i gang leiting, men grumsete vatn på grunn av det store raset gjorde leitinga svært vanskeleg.

I går blei det funne klede på andre sida av fjorden, og i natt blei så mannens bil funnen på 31 meter djup. Frå i morgontimane i dag har det vore leita over store område i Lånefjorden, men under vatn har leitemannskapa konsentrert seg om området nær bilen.

Leiteaksjonen blir no trappa ned. Den omkomne blir truleg henta opp av sjøen i ettermiddag.

LEITEAKSJON: Mannen blei tatt av eit ras som gjekk ved Lånefjorden søndag kveld. Måndag morgon blei det sett i gang leiting, men grumsete vatn på grunn av det store raset gjorde leitinga svært vanskeleg
JAN M. LILLEBØ