— Mannen kjørte i over 120 km/t i 80-sona, fortel operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt Harald Vårdal.

Kontrollen vart gjennomført på riksveg fem mellom Florø og Førde frå klokka 19.30 fredag kveld.

— Ser ein vekk frå denne mannen, var det elles grei kjøring, seier Vårdal.