Det var ein samanstøyt mellom to bilar i utkanten av Stryn sentrum i 18-tida søndag. Ein av bilførarane, ein mann i 50-åra, vart sendt til observasjon på sjukehuset på Nordfjordeid.

Dette opplyser operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han seier at omstenda rundt samanstøyten ikkje er heilt klare, men at det ikkje er mistanke om promillekjøring.