Mannen som var i midten av trettiåra var med i ei guida gruppe med 17 personar. Gruppa var på veg til ein leirplass etter ei rute som guiden hadde sett seg ut. Guiden skal ha gått først i følgjet og den omkomne bakarst.

– Då gruppa kom fram til leirplassen var han ikkje der, så dei snudde for å leite. Dei fann han omkommen i ei steinrøys, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det skal ha vore to legar i turfølgjet, som konstaterte at mannen var død etter fallet.

Mannen vart ifølgje politiet henta ut med helikopter klokka 1000 i dag tidleg. Han vert teken hand om av eit gravferdsbyrå i Sogndal.

Turgruppa var på veg til Turtagrø, der dei skulle hentast med buss 18. juli. Dei skal framleis opphalde seg i fjellet, men det er uvisst om dei fullfører turen som planlagt.

I følgje Norgesguidene skal det ikkje ha vore ei norsk føringsgruppe.