I ein eim av etterbarberingsvatn og iført dyre, mørke dressar skreiv ministrar frå 45 land i går under på «Bergens-kommunikeet» under lysekronene på Hotel Norge.

Utanfor demonstrerte sosialistiske studentar frå store delar av Europa, men i bankettsalen var dei offisielle studentrepresentantane langt mindre kritisk.

— Vi er godt nøgd med kommunikeet, og mest på det som gjeld den sosiale dimensjonen. Det er første gongen dei er så konkrete, seier leiar Vanja Ivosevic i den internasjonale studentunionen (ESIB).

I kommunikéet skriv 45 europeiske land under på at dei vil gjere høgare utdanning likt tilgjengeleg for alle, same kva sosial eller økonomisk bakgrunn.

Dette står rett nok i kontrast til utviklinga innanfor EU, der dei fleste land har innført eller har planar om å innføre skulepengar. Dessutan er Bologna-prosessen høgst uforpliktande for underskrivarane.

Ivosevic legg då heller ikkje skjul på at ho forstår dei demonstrerande studentane.

— Mange regjeringar brukar Bologna-prosessen til å få gjennom nasjonale tiltak, seier ho.

Pengar i kunnskapen

Ivosevic meiner òg mange studentar ikkje forstår kva Bologna-prosessen er, og slår den i hartkorn med politikken til EU eller dei einskilde nasjonane.

Bologna-prosessen er nemleg all-europeisk, og konferansevertinne Kristin Clemet avviser blankt påstandane om at EU har kapra prosessen.

— Eg gjorde det 100 prosent klart at det ikkje skjer og at det heller ikkje kjem til å skje. Det ville i så fall føre til at 20 land vart ståande utanfor, seier ho.

Ho meiner at EU heller ikkje ønskjer å kapre Bologna-prosessen, fordi den går så bra.

Likevel etterlet talane under konferansen liten tvil om at økonomisk vekst er eit hovudmotiv for deltakarane i Bologna-prosessen, akkurat slik det er for EU.

Kommunikéet seier heller ingenting om at universiteta i Europa får krav om å hente stadig meir av sine inntekter frå næringslivet, noko universitetsfolk meiner trugar fridomen og dermed skaparkrafta på universiteta.

Vil drøfte studiepengar

Sjølv om utdanningsminister Clemet avviser at det er aktuelt å innføre skulepengar på norske universitet, framstiller ho dette som noko sært.

— Det er rett at Noreg er i ferd med å bli det einaste landet i verda som har eit så gjennomført gratisprinsipp, seier ho, før ho viser til at stor søknad til dyre prestisjeuniversitet i utlandet viste at det var stor vilje til å betale for slikt.

Ifølgje Clemet har konferansen i Bergen gjort store framskritt, med krav til deltakarlanda om å få på plass eit likt gradssystem, kvalitetskontroll og godkjenning av kvalifikasjonar frå dei andre landa.

Omkvedet på konferansen var at det var no det vanskelege byrja. Dei fem første åra har landa i hovudsak slutta seg til prinsippa i Bologna-prosessen. No skal dei gjennomførast.