Etter at vanleg arbeidstid er slutt klokka 15.30 til neste morgon skal ein doktor ha vakt i eit område som dekkjer ni kommunar, skriv Firda. Desse ni kommunane er Førde, Naustdal, Gaular, Jølster, Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Askvoll og Fjaler. I tillegg til doktoren skal også ein sjukepleiar eller ein legesekretær også vere på vakt.

Dei to på vakt skal stasjonerast ved mottaket på Førde sentralsjukehus.

– Avstandane blir lange, vedgår Helge Ulvestad som har leia arbeidsgruppa som har førebudd den nye legevaktordninga. – Vi har hatt eit val mellom fleire ulemper, og har valt å leggje vekt på behovet for stabile legetenester i kommunane og god legedekning på dagtid.

Avtalen om legevaktsamarbeid skal ta til å gjelde frå 1. april. Planen var også at Flora kommune skulle vere med, men her vende politikarane tommelen ned.