Fryseskipet «Golden Ice» ligg for anker, i arrest ved Måløy på sjuande månaden. Mannskapet bur seg på møtet med vinterstormane, sikra av ein enkel ankerkjetting.

— Kva skal eg gjere? Det er heilt uvisst om ankeret vil halde, seier kaptein Valery Sobolev. Han ser dei skummande bølgjene slå mot land ved Almenning - berre nokre hundre meter unna.

Grunn til å frykte

I følgje kaptein Sobolev fungerer berre eitt av skipets to anker, og han har ikkje olje til å starte opp hovudmaskina. Dersom ankerfestet skulle ryke, veit han heller ikkje om det ville vere tid til å starte maskina før det 124 meter lange skipet går på land.

— Folk inne på land har sagt at dei fryktar vi skal valde ei miljøkatastrofe. Det har dei grunn til, meiner kapteinen.

— Når ein norsk domstol tek arrest i skipet mitt, burde styresmaktene sjå til at vi har ein trygg plass å ligge. Eg har ikkje ressursar nok til å sikre skipet godt nok.

Men korkje hamnefogden i Måløy, Kystverket eller andre institusjonar har klart å finne alternativ anker- eller kaiplass til kaptein Sobolev og «Golden Ice». Dermed blir skipet liggjande i værharde Almenningen, like ved Stad. Her har mannskapet lange dagar, med mykje venting og litt forefallande arbeid.

Kapteinen sitt ansvar

Havnefogd Kristoffer Stokke i Måløy meiner båten kan bli liggjande slik gjennom vinteren.

— Tryggleiken er kapteinen sitt ansvar. Blir det behov, må han be om assistanse, seier Stokke, som likevel erkjenner at det sikraste ville vore å få båten lagt til kai.

— Men vi har ingen kaiplass å tilby skipet, seier han.

Stokke seier han ikkje er kjent med at berre eitt av ankera om bord fungerer, ei heller at hovudmotoren om bord ikkje er funksjonsdyktig. Han viser til at det finst tre store slepebåtar som kan rykke ut frå Måløy hamn. Men dei er minst ein halvtime unna dersom noko skulle skje.

Når det no blir vinter, vil sør-vesten skal slå inn for fullt inn over Almenningen. I mellomtida prøver kaptein Sobolev å halde det 16 år gamle, ukrainsk-produserte skipet i best mogeleg stand.

— Men vi har nesten ingen ting å hjelpe oss med, seier han.

Store krav

Tre gonger har Nordfjord namsrett tatt arrest i «Golden Ice» etter at deler av mannskapet på 24 gjekk til streik då skipet lossa akkar i Måløy i april. I ettertid har kommune, sjøfartsstyresmakter og departement spela svarteper om kven som skal betale mat til mannskap og drift av båt. I dag er ti sjøfolk tilbake om bord.

Dei kypriotiske eigarane, Elbi Shipping Co. Ltd, har ikkje svart på noko oppmoding i månadene som har gått. Kapteinen har berre kontakt med eit driftsselskap på Kypros.

Mannskapet har totalt hyrekrav på rundt 227.000 dollar pluss renter, medan selskapet Sparks Management Ltd på Belice har fått arrest i eit pantekrav på drygt 1,3 millionar dollar. På toppen sit hamnevesenet og Vågsøy kommune med sine krav.

Kaldt og mørkt

Dermed ligg kaptein Sobolev og dei ni andre fast i ankerkjettingen, så lenge det varer. Med så lite drivstoff at hjelpemotoren berre kan generere straum om bord nokre få timar i døgnet.

Elles er det heilt mørkt, og snart bitande kaldt om bord.

Og noko snarleg avklaring vil ikkje komme. Arrestkravet frå mannskapet kan bli rettskraftig tidlegast i januar neste år.

Alle kjem dei frå den russiske stillehavskysten, har sjømannsutdanninga frå Vladivostok. Den internasjonale transportarbeidarføderasjonen (ITF) har garantert for heimreis, men dei ti har beslutta å bli verande. Det er for bittert å komme heim til familien fattigare enn dei mønstra på for to år sidan.

— Vi som er igjen om bord, var imot streiken i april. Skipet skulle vidare til Riga i Latvia, der vi skulle få hyra utbetalt. Det er eg viss på ville gått i orden. No ligg vi her i staden, utan å komme oss nokon stad, seier kapteinen.