Det var brannfolka som sjølv tente på.

— Huset skulle rivast. Vi har difor nytta det til trening av brannfolka. Og i dag fekk vi trent oss godt. Røykdykkarane var inne i huset fleire gonger, seier varabrannsjef Torgeir Steien i Fitjar til bt.no.

Heile 12 brannfolk var med på treninga.

Steien seier at det ikkje er så ofte dei får trent seg på hus som skal rivast.

— Dei må liggja slik til at det er forsvarleg å tenna på dei og.

FULL FYR OG FULL KONTROLL: Brannfolka fekk trent seg då dei i føremiddag laga brann i Fitjar.
Torgeir Steien