— Det er trist å sjå. Kvar omn skulle ha stått og produsert eitt tonn i døgeret, seier Tor Bringedal og viser nedstengde og tildekte omnar i nordenden av B-hallen på Sør-Norge Aluminium.

Eitt tonn aluminium. Det blei betalt med 3000 dollar i fjor på denne tid. I dag for under det halve. Brått er det blitt ulønsamt å laga aluminium.

Frå over- til underskot

I 2008, 2007 og 2006 leverte Søral årsresultat på 425-480 millionar kroner. For 2009 blir det «eit ikkje ubetydeleg underskot», ifølgje administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit.

— Kutt i produksjonen er såleis med på å avgrensa tapa, seier Sævartveit.

Etterspørselen har stupt, det internasjonale lageret til LME (London Metal Exchange) har auka frå ein til tre millionar tonn.

Søral-styret har bestemt å halvera produksjonen frå mars. Det tyder at ein av dei to elektrolysehallane, kvar av dei ein kilometer lang, blir stengt. Så langt er vel 70 av 200 omnar i B-hallen nedstengte.

Iskaldt

Søral har levd med store marknadssvingingar i heile si vel 40-årige historie. Men aldri har ei krise ramma så raskt og djuptgripande som no.

  • Eg føler trong for å seia at det blir med desse kutta. Drifta i A-hallen vil gå for fullt, seier direktør Sævartveit. Med bakgrunn frå Odda smelteverk har han erfaring med industrielle bølgedalar.

Å gå gjennom omnshallane på Husnes er normalt ei varm oppleving. Metallbadet i omnane er nesten tusen grader varmt. Uteluft kjem direkte opp gjennom rister i golvet.

I nordenden av B-hallen blir lufta brått iskald, som ute. Vi er komne til omnsrekkjene som blir arbeidslause på ubestemt tid. Tildekte med presenning.

NAV neste

  • Eg hadde håpa på fast arbeid her etter kvart. Men det må eg sjå langt etter no, seier Tommy Sjo, operatør i elektrolysen og blant dei 40 kontraktørane som Søral ikkje lenger har bruk for.
  • Å gå arbeidslaus er eg likevel ikkje interessert i. Får satsa på ein jobb om bord i fiskebåten til far min, seier 19-åringen frå Halsnøy som har kjøpt husvære på Husnes.
  • Det blir nok å stilla i arbeidsløysekøen hos NAV for meg. Så får eg prøva å ta ei utdanning til hausten, seier Kristin Karlsen (19), skiftarbeidar i Søral-elektrolysen ho også.

Kristin har hatt sommarjobb på Søral dei siste to åra, og fekk korttidskontrakt i fjor.

— Ein super arbeidsplass, og godt betalt. Eg håpar å få koma tilbake når tidene blir betre att, seier Tommy Sjo.

150 sommarjobbar borte

I tillegg til at rundt 40 korttidskontraktar blir kansellerte i vinter, bur Søral seg på at det kan bli smått med feriejobbar i år.

I mange år har Søral tilbydd 150 lukrative sommarjobbar til studentar og andre unge. Sommaren 2009 kan det bli ingen, ifølgje informasjonsansvarleg Tor Bringedal.

  • Eg synest forbaska synd på dei som ikkje lenger får korttidskontrakt. Det er unge folk som er våre kollegaer, seier Ørjan Normann, leiaren i Husnes Kjemiske Fagforening.

Fagforeiningane drøftar i desse dagar kva tid permitteringane skal iverksetjast, og kor mange som blir råka. Ønsket er ein rotasjon blant alle tilsette, men det krev ei regelendring som partane avvantar frå sentralt hald.

  • Det må vel snu. Eg føler meg nokså trygg på jobben, seier støyperioperatør Astrid Slåke (23).
  • Det er skremmande at det går så langt at ein heil hall blir nedstengt. Men vi har tru på at produksjonen skal koma opp att. Vi skal greia å stå dette av, seier vedlikehaldsarbeidarane Vidar Røstbø (32) og Tor Arne Sunde (42).
KRISESTENGT: Til no er 75 elektrolyseomnar i Sørals hall B kopla ut - alle dei 200 omnane i den kilometerlange hallen skal stå kalde på ubestemt tid frå mars.
Høvik, Tor
Høvik, Tor