Ei kartlegging gjort av Statnett viser at botnen av Hardangerfjorden er som ein autostrada over lange strekningar. Rett og slett perfekt for kabellegging.

Problemet er landføringa i Kvam og at det er så djupt. Utanfor Norheimsund skjuler bratte heng, som stuper mot fjordbotnen, seg under vassoverflata. Enkelte stader er hellinga 79 grader. Ein tredel av det knapt 70 kilometer lange fjordstykket er djupare enn 800 meter.

Samstundes har undersøkinga avdekt fleire stader der det er merkje etter tidlegare ras og fare for nye.

Kabel eit reelt alternativ

Over nesten fire veker i haust tråla det DOF-eigde fartøyet «Geograph» Hardangerfjorden. Om bord var sjøfolk, geoteknikarar, marinbiologar frå Havforskingsinstituttet, marine arkeologar frå Sjøfartsmuseet og Statnetts eigne ekspertar opptekne med å granske forholda på fjordbotnen.

— Basert på materialet vi har fått sett, ser det ut til at det let seg gjere å kome i land i begge endar. Vi meiner også at det er råd å handtere den store djupna, både ved legging og eventuelle framtidige reparasjonar, seier teknisk direktør Gunnar Evenseth i Nexans, verdas leiande selskap innan kabelindustrien.

Til grunn for undersøkinga låg at Statnett ønskjer å vere budd, dersom regjeringa endar på kabelalternativet. Granskinga av fjordbotnen er uavhengig av dei fire utvala som legg fram sine rapportar komande tysdag.

Ras ei rekkje stader

Statnett offentleggjorde rapporten frå undersøkinga fredag. Men dei ønskjer ikkje å gje kommentarar no rett før dei fire regjeringsoppnemnde utvala overleverer sine rapportar tysdag. Statnett har likevel svart på konkrete spørsmål.

Undersøkinga viser at Hardangerfjorden er prega av flat botn der tersklar skil ulike djupnenivå. Vidare at det i dei bratte stigningane opp mot overflata har gått ein del ras.

I november fortalde Bergens Tidende om at det under granskinga var oppdaga eit ras ved innløpet til Simafjorden.

— Kva konsekvensar dette kan ha for kabellegging, er noko vi vurdere grundig, sa Statnetts prosjektleiar, Jan Erik Skog, den gongen.

Analysane av dette skredet er ikkje ferdig. I tillegg har granskinga avdekt fleire andre stader der det er sjansar for ras og merke etter tidlegare ras. I tillegg til skredområdet i Simafjorden konkluderer rapporten med at også fem andre område må granskast nærare.

Verdas lengste

Kjelder Bergens Tidende har vore i kontakt med meiner granskinga viser at det ikkje er noko med botntilhøva som hindrar kabling. Sjøkabel må reknast som eit reelt alternativ.

— Dersom regjeringa går for kabel og det blir valt ei løysing med vekselstraums oljekablar, blir Hardangerkabelen det største og lengste oljekabelanlegget på dette spenningsnivået i verda, seier Gunnar Evenseth i Nexans.

Hans firma har tidlegare lagt kablar på nesten like store djupn mellom Jordan og Egypt. Og nesten like langt, 50 kilometer, mellom Bahrain og Saudi-Arabia. Nexans er eit av dei selskapa som er mest aktuelle til å kunne få eit slikt oppdrag.

Eit spørsmål om pris

  • Hardanger blir eit gigantisk kabelanlegg, og det er ikkje slik at det er beint fram å byggje. Men det er fullt mogleg, seier Nexansdirektøren.

Spørsmålet blir dermed om regjeringa seier ja til ein pris som kan bli meir enn fire gonger høgare enn luftleidning. Luftleidning frå Sima til Samnanger er tidlegare kalkulert til ein milliard. Ein sjøkabel og anlegg på land i begge endar blei då rekna til fire milliardar.

Men no har kostnadene auka. I ein e-post til Bergens Tidende skriv kommunikasjonssjef Irene Meldal at kostnadsoverslaget for sjøkabelanlegg har auka. Statnett vil seinare kome tilbake til oppdaterte tal og vurderingar av utfordringane knytt til legging og reparasjon av kabel.