• Eg kan ikkje seie noko. Dette er ein intern konflikt mellom Djønne Maskin AS og oss.

Dette seier prosjektleiaren i Re-BauGmbH, som aldeles ikkje vil ha namnet sitt på trykk i ei norsk avis.

Han hadde ikkje høyrt om Djønne sitt trugsmål om blokade av Lidl-butikken på Eidsvåg, før BT snakka med han fredag ettermiddag.

— Hm. Interessant. Men det er jo ikkje vår butikk. Vi er berre entreprenørar.

— Kvifor har ikkje Djønne Maskin fått pengane av Re-BauGmbH?

— Det er eit internt problem som eg ikkje kan seie noko om til ein journalist. Vi er i ferd med å bli samde, men har nokre vanskar. Det er grunnar for det.

— Kva grunnar då?

— Det kan eg ikkje seie noko om. Men vi har ikkje problem med å betale, og er svært godt nøgde med arbeidet Djønne Maskin har utført for oss, seier mannen.

— Så kvifor betalar de ikkje Djønne Maskin?

— Du må sjå dette frå begge sider. Men eg kan ikkje seie noko; eg er ikkje økonomen i firmaet.