— Men vi held oss no til det opphavlege overslaget på 335 millionar, medrekna tilknyting til vegane på båe sider. Det viktigaste i fyrste omgang er å få bygt tunnelen og så få til minimumsløysing for tilknyting til vegnettet, seier dagleg leiar i Hardangervegen AS, Eilev Instanes.

Det er overingeniør Roald Sletten på Hordaland vegkontor som nemner den halve milliarden for Jondalstunnelen. Pris-overslaget inkluderer utbygging til brukande standard på den ca. 5 km lange fylkesvegen langs fjorden til Austrepollen.

— Men dersom det vert avgjort å byggja tunnel mellom Nordrepollen og Austrepollen, vil prisen stiga med eit par hundre millionar til. Då vil vi ikkje gjera anna enn det absolutt naudsynte på fylkesvegen langs fjorden, seier Roald Sletten. Han ber om at alle overslag vert brukt med varsemd på dette stadium. Planlegginga av tunnelen er så vidt komen i gang, og det er enno ikkje avgjort nøyaktig kvar tunnelen skal leggjast.

- Brådjupt i fjorden

På sørsida, i Nordrepollen i Mauranger, vil tunnelen truleg få innslag eit stykke oppe frå sjøen, og det må byggjast ca. 1 kilometer med ny veg fram gjennom ei li forbi innmarka på Øyre før han kan knytast til fylkesvegen som fører til Austre-pollen og vegen til Odda og Rosendal.

— Her finst det urar som kan påføra anlegget ekstra kostnader. Så må fylkesvegen rundt neset fram til Austrepollen utbetrast til akseptabel standard. Her kan vi få bruk for steinmassane frå tunnelen, seier Sletten.

— Det trur eg dei skal få vanskar med. For fjorden rundt neset til Austrepollen er brådjup, seier Ingemar Øyre, som har budd storparten av livet sitt i Nordrepollen. - Vegen er heller ikkje heilt trygg. Det er ikkje så lenge sidan ein stor stein fall ned på vegen frå den bratte lia over, seier Ingemar Øyre, som understrekar at folk på Øyre ynskjer Jondalstunnelen velkomen.

Kunstig låg meterpris

— Vi er trygge på at anlegget kjem på over 400 millionar kroner, og at tunnelen difor må konsekvensutgreiast. Men vi reknar likevel med å ha planane for tunnelen ferdige slik at han kan nå statsbudsjettet for 2005, seier Roald Sletten. Eilev Instanes går ut frå meterprisen på Folgefonntunnelen, 31.000 kroner, når han held seg til 335 millionar for vel 8 km Jondalstunnel pluss tilknyting. Eit slikt reknestykke gjev ein tunnelpris på ca. 250 millionar kroner. Då er det endå pengar att til litt veg fram mot båe tunnelendane.

— Meterprisen på Folgefonntunnelen trur eg er kunstig låg, for det var i ei tid då marknaden var langt nede. Eg trur ikkje vi kan rekna med noko liknande neste gong. Dessutan vil og nye krav til tunnelar gjera anlegget dyrare, seier Sletten.

Fleirtal, men pengar?

I samband med revidert nasjonalbudsjett nyleg vart det fleirtal i samferdslekomiteen for at Jondalstunnelen må byggjast. Men det ligg ikkje pengar i vedtaket, og slett ikkje 50 millionar kroner, slik fylkestinget har sett som vilkår for å halda fast på prioriteringa av Jondalstunnelen som fylkesvegprosjekt nr.1 i Hordaland.

— Det var eit viktig steg å få til eit vedtak om Jondalstunnelen, men det ligg ingen sjekk der, og difor har vi enno mykje hardt arbeid framfor oss, seier stortingsrepresentant Arne Sortevik. Han meiner han har greidd å få sitt parti, Frp, med på at staten må løyva dei 50 millionane som er naudsynt for å få prosjektet i gang.