Elveeigarane i Aurland kasta fram tanken om ein vasstunnel første gongen i eit møte med direktoratet og kraftprodusenten E-co i fjor haust.

– Eg karakteriserte det der og då som ein god idé. Tanken er spennande, fordi det kan vere med på å løyse temperaturproblema som har vore i vassdraget etter kraftutbygginga, seier seniorrådgjevar Roy M. Langåker i direktoratet.

Han understrekar at tunnelutspelet så langt ikkje har kome lenger enn til tankestadiet. Dersom det skal bli ein realitet, må konsekvensane vurderast:

– Det vi ser som interessant er at ein slik tunnel vil kunne gje elva ein meir naturleg dynamikk, om enn med langt mindre vassføring enn før.

Kraftprodusenten E-Co har så langt ikkje gjort konkrete vurderingar av tunnelutspelet.

– Vi snakkar om ganske store summar for å få utført eit slikt tiltak. Men dersom dette gjer at vi kan køyre Vangen kraftstasjon om sommaren, vil det bidra i positiv retning, seier direktør for kraftverksoperatør, Per Are Hellebust.