Berre i Sogn og Fjordane er 1573 gardar lagt ned siste ti åra. Det er kvart fjerde bruk. Og aldri har brukstalet blitt så sterkt redusert som siste året, då 378 gardsbruk blei avvikla. No betyr ikkje det at jorda på alle desse bruka har gått ut av produksjon. Naboar brukar nedlagde gardar som tilleggsjord. Det har gjort vestlandsgardane større. Men store er dei ikkje.

Tala som landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nyleg presenterte, fortel om ei dramatisk utvikling. Og at forståsegpåarane har tatt feil. Mange trudde at etter ei «naturleg avskaling» av dei aller minste bruka, ville nedleggingsbølgja stoppe. No skyt det tvert om fart. Til og med produsentar som sett i vestlandsperspektiv er store, sel mjølkekvotane eller slaktar siste sauen. Mest av alt fortel det om bønder utan tru på framtida.

Onsdag spaserte utsendingane til toppmøtet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) inn på kongresshallen i den meksikanske feriebyen Cancun. I desse forhandlingane skal Norge kjempe for maksimal fridom for eksport av fisk, og samstundes for størst mogleg vern av norsk landbruk. I utgangspunktet ei øving i å ri to hestar som spring kvar sin veg. Det går an å forskreve seg av mindre.

I morgon går vi til valurnene. Men kven som blir ordførar dei neste fire åra, kan fort komme til å ha lite å bety mot det dei kjem fram til i det meksikanske ferieparadiset og kommande WTO-rundar. Ikkje minst for oss vestlendingar. Fiskarane, oppdrettarane og industrien ser WTO som sin store sjanse. Eksporten, ikkje minst av foredla fiskeprodukt, kan bli større. Arbeidsplassane skal yngle. Landbruket ser på eit fall av tollmurane som dødsdommen. Ikkje ein vestlandsgard vil overleve, kanskje med unntak av nokre storbruk på Jæren. Det blir fråflytting og glesbygder.

Eg ser at det siste land i tredje verda treng, er å bli møtte av høge tollmurar på landbruksvarene sine. Samstundes er det noko med frihandel på mat som gjev vond smak i munnen. Eg vil gjerne vite at kua som gjev meg mjølka har eit nokolunde liv, at oksen bak koteletten ikkje er fostra på fôr basert på daude artsfrendar, at brødet eg bryt ikkje er laga av genmodifisert korn og at laksen ikkje ligg stinn av medisin i kjøledisken.

Og det minkar ikkje akkurat skepsisen når eg les om talen til presidenten i ein av dei mest proteksjonistiske nasjonane i verda. I ein tale i framkant av WTO-møtet har George W. Bush sagt at å opne opp verdsmarknadene er vegen til suksess både for rike og fattige land. USA, landet som svarar med tollmurar så snart dei har mistanke om at eigne næringsinteresser er trua, har nok sin eigen agenda under meksikansk sol. Den plar sjeldan stemme overeins med u-landa.

Eg fer forbi garden inst i bukta ofte. Før tykte eg alltid det var så velstelt og vakkert. Slake lier mot stupbratte fjell. Men samstundes vidsyn sørover fjorden. Etter seinsommarkvelden for nokre år sidan, då eg første gongen la merke til at graset stod uslått, kjenner eg mest vemod. Og så føler eg meg sikker på at det hjelper ikkje u-landa det minste, at dette bruket er eitt av 1573 i statistikken.