Ingen har hørt livsteikn frå dei to ombord på den 35 fots sjarken frå Florø sidan ettermiddagen torsdag 28. november. Då hadde fiskebåten akkurat lagt ut på tur tilbake til Florø frå Henningsvær etter ein periode med fiske i området.

Det var sist laurdag føremiddag at turgåarar meldte frå om at det låg ein død mann i strandkanten ved Myre i Øksnes. Den døde var iført overlevingsdrakt.

— Vi kan no stadfeste at dette er ein av dei to som var ombord på "Brendholm", seier operasjonsleiar Arne Evensen ved Midtre Hålogaland politidistrikt.

Den omkomne er funnen mellom Myre og Nyksund lengst nord på Langøya i Vesterålen, om lag 11-12 landmil nord for den antatte leia båten har tatt den aktuelle kvelden.

— Vi har konferert med folk ved Hovedredningssentralen som har erfaringar i området, og det er klart at straumane er slik at det er fullt mogeleg å bli ført så langt frå den antatte seglingsleia, seier Evensen til bt.no.

Dei pårørande er informert om funnet, og truleg vil politiet kunne frigje namnet på den omkomne i løpet av dagen.

SAKNA: Sjarken "Brendholm" og dei to om bord har vore sakna sidan torsdag 28 november.
Foto: Arild Engelsen