Kalkulatoren fortel deg at dersom du til dømes syklar til arbeidet og greier deg utan hytte på fjellet eller ved sjøen, kan du rekna deg som bærekraftig. Har du både hytte og køyrer bil til arbeidet, får du vita at du er eit miljøproblem.

På klimakalkulatoren har Tore Vågenes og Signe Vågenes Sekse rekna ut, svart på kvitt, at dei har eit nesten bærekraftig energibruk. Dei har eit nesten bær e kraftig utslepp av klimagassen CO2, og dei har eit bærekraftig forbruk av areal.

Syklar kvar dag

— Eg syklar kvar einaste dag til arbeidet på Minde, seier Tore Vågenes, som fleire gonger har delteke i sykkelrittet Bergen-Voss.

— Og eg syklar til arbeidet på Bergen Airport Hotel på Kokstad. Berre når det er på det verste om vinteren, køyrer eg bil, opplyser Signe Vågenes Sekse.

Dei to bur saman med borna Andreas, Ida Marie og Marte i eit hus som i det siste er utvida frå 100 til 150 kvadratmeter. Tilbygget har varme i golvet. Elles går det på elektriske ovnar, og ein vedovn durar i stova. Tore og Signe fyrer verken med olje eller gass.

Høner og poteter

Ferdigmat er ikkje til å koma unna, men ungane set og stor pris på mamma si heimelaga pizza. Baking høyrer og med.

— Ute har vi 2,5 mål. Der har vi jordbær, rips og plommer. I år skal vi og setja poteter, fortel Tore.

— Vi hadde og nokre høner. Aldri har eg sett gulare plomme enn i dei egga. Til våren skal vi få nokre nye høner, seier Signe.

På internett

Det er opplysningar som dette Tore og Signe har mata inn på klimakalkulatoren. Kvar og ein med tilgang til internett kan finna klimakalkulatoren. Bak påfunnet står Vestlandsforsking, som har utvikla kalkulatoren på oppdrag frå Stavanger kommune.

— Vi har nytta det som finst av tilgjengeleg forsking, og funne fram til kva som er såkalla bærekraftig nivå. Så har vi funne formlar for å rekna opplysningar om bustad, mat, transport og fritid om til forbruk av kilowattimar, til utslepp av klimagassen CO2 og til forbruk av areal, seier miljøforskar Carlo Aall til Bergens Tidende.

Treng tre planetar

— Det er slik at alt forbruk på ein eller annan måte er knytta til forbruk av areal. I klimakalkulatoren vår har vi kalla dette for fotavtrykk. Dersom alle menneske på jorda skulle etterlata seg eit like stort fotavtrykk som ein gjennomsnittleg nordmann, måtte vi ha tre planetar, seier Carlo Aall.

Dette spør klimakalkulatoren om:

  1. Kor mange personar er det i hushaldninga?
  2. Kor mykje energi brukar du i bustaden din kvart år?
  3. Kva slags hus bur du i, og kort stor er bustadarealet?
  4. Er bustaden utstyrt med nokre av desse energisparande innretningane? (fleire alternativ som kan kryssast av).
  5. Har bustaden private uteareal på bakkenivå? I så fall, kor stor er husets og andre bygningar si grunnflate samt parkeringsareal?
  6. Kor ofte et du kjøt til middag?
  7. Kor ofte et du fisk til middag?
  8. Kor ofte et du kjøt til andre måltid enn middag?
  9. Vel du økologisk produserte matvarer?
  10. Kjøper du helst matvarer frå eige distrikt?
  11. Dyrkar du noko av maten du et i eigen hage?
  12. Lagar maten sjølv, eller kjøper du det meste ferdig?
  13. Kva er den samla årlege køyrelengda for husstanden med bil?
  14. Kva slags drivstoff brukar bilen?
  15. Kor langt reiser du kvar veke med buss?
  16. Kor langt reiser du kvar veke med tog?
  17. Kor langt reiser du kvar veke med trikk og t-bane?
  18. Kor langt reiser du kvar veke med bilferje?
  19. Kor langt reiser du kvar veke med hurtiggåande rutebåt?
  20. Kor langt reiser du kvart år med fly i samband med jobben?
  21. Har du fritidshus? Skriv i så fall bygningens grunnareal.
  22. Kva brukar du av energi på hytta?
  23. Kor mange kilometer reiser du med buss, tog eller båt på ferie?
  24. Kor langt reiser du med fly på ferie?
BÆREKRAFTIGE: Familien Vågenes og Sekse har ansvar for langt mindre CO2-utslepp enn dei fleste andre i landet vårt. Frå v. Tore, Signe, Andreas, Ida Marie og minstejenta, Marte.
Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen