— Det er problematisk at me har ein hoffleverandør av bygg, meiner Otto Harkestad.

Sidan 1997 har øykommunen fått sju nye kommunale bygg. Med unntak av eitt, står arkitekten Jostein Tveit bak seks av sju:

  • Øygarden ungdomsskule
  • Tednebakkane omsorgssenter
  • Ternholmtunet omsorgsbustader
  • Øygarden Helse- og tenestesenter
  • Blomvåg skule
  • Tednebakkane barnehage

Berre Toftøy skule som er under oppføring har ein annan arkitekt.

Sist veke fekk kommunen kritikk for ikkje å ha følgt anbodsreglane. Etter å ha leidd byggjeprosjektet ved det første prosjektet, Øygarden ungdomsskule, fekk firmaet Erstad & Lekven fornya kontraktar utan anbod i mange etterfølgjande byggjeprosjekt.

Høge driftskostnader

— Ved det første prosjektet opplevde eg arkitektkonkurransen som open og ærleg. Men sidan har det vore gitt kven som skal få oppdraga, seier Harkestad, som sjølv er ordførarkandidat for Arbeiderpartiet.

Opposisjonsleiaren i kommunen fryktar at innbyggjarane ikkje har fått det beste bygget, og viser til prosessen kring Tednebakkane omsorgssenter. Då bygget skulle reisast, vart eit anna arkitektkontor føretrekt av rådmannen og plannemnda, på bakgrunn av førespegla driftskostnader. Likevel vart vedtaket omgjort i formannskapet, slik at Jostein Tveit vart arkitekten også her.

— No slit me med eit omsorgssenter som har svært høge driftskostnader. Det kostar kommunen 1,1 millionar kroner per bebuar, seier Otto Harkestad.

Alltid konkurranse

Leiar for byggjenemndene i Øygarden dei siste tolv åra har vore Ottar Vik (TVØ). Han peiker på at det har vore arkitektkonkurranse i alle byggjeprosjekta.

— Byggjenemnda går gjennom dei innkomne forslaga i konkurransen, og har landa på Jostein Tveit. Men me tilrår berre til formannskapet. Det er dei som vedtek val av arkitekt. Eg er ikkje i formannskapet, men der sit derimot Harkestad, seier Vik.

Vik peiker på at det er kommunestyret som har lagt føringar for modellen og driftsforma som er valt i bygget til dømes på Tednebakkane omsorgssenter. Han peiker også på at det er kommunestyret som har peika han ut til å leie plan- og byggjenemndene i kommunen.

— Har val av arkitekt gått føre kva som er det beste bygget for kommunen, slik Harkestad meiner?

— Det får vere hans vurdering, seier Ottar Vik.

- Kan vinne fleire gongar

— Ein kan seie at det kan verke påfallande at same arkitekt er valt, men det er ikkje noko i vegen for å velge same leverandør fleire gonger dersom regelverket vert følgt, seier Birthe Taraldset, universitetslektor ved det juridiske fakultet.

Taraldset understrekar samstundes at ho ikkje kjenner saka direkte. Generelt peiker ho på at kommunane har ei utfordring med å heile tida leve opp til regelverket om konkurranse i offentleg anskaffing.

— Generelt er det slik at sjølv om ein har eit godt regelverk for konkurranse, utelukkar det ikkje at ein kan påverke ein innkjøpsprosess, seier Taraldset.

Nielsen, Rune