SVEIN OVE EIKENES

(foto)

— Me er utruleg privilegerte heime i Noreg. Kvifor klager me eigentleg over små filleting som at blekket på printeren er øydelagt, når det her er 700-800 elevar som ikkje eingong har straum på skulen sin, spør lærarstudent Alf H. Aronsen.

Det er andre året på rad samfunnsfagstudentane ved Høgskolen Stord/Haugesund reiser på studietur til Tanzania i Afrika. Temaet for den fem vekers lange studieturen er å ta den andres perspektiv.

— Tanzania er fjernt frå norske forhold. Ei anna verd på alle moglege måtar. Å ha kjennskap til og samstundes ha opplevd denne delen av verda er viktige ting å ha med seg når ein skal ut og undervise i skulen, meiner høgskulelektor i samfunnsfag Sigurd Sandvold.

Steikande varmt

Tanzania handlar om dei store kontrastane. Her møter du fattigdom og rikdom side ved side. Har du pengar, får du kjøpt det meste. Manglar du pengar er du på samfunnet si skuggeside. Der er det mange. Dessutan; Tanzania er eit av landa i Afrika som er hardast ramma av HIV/AIDS.

Alf H. Aronsen fortel om varme dagar i Tanzania.

— Me har brukt dei første dagane til å akklimatisere oss. Det er steikande varmt midt på dagen, opp imot 40 grader, seier han.

— Vi har besøkt byen Bagamoyo, som ligg ved kysten nord for den største byen i landet, Dar-es-Salaam. Bagamoyo var hovudstad fram til fyrste verdskrig og knutepunkt for slavehandel i Aust-Afrika. Vi har også vore ved Afrikas høgaste fjell Kilimanjaro og på safari i Ngorongoro krateret. Et yrande dyrelivet med løver, elefantar og nashorn.

Sterk slavehistorie

Studentane har også besøkt øya Zanzibar.

— Eg har vel aldri vore nærmare paradis. Her er kritkvite strender med krystallklart vatn like utanfor bungalowane våre. Men kontrastane er store. I byen Stonetown, som er hovudstaden på Zanzibar, fekk vi eit nært innblikk i den forferdelege slavehistoria. Eg fekk frysningar på ryggen inne i ei 10 kvadratmeter stor celle som romma 75 slavar for 100 år sidan. Her stod dei i fleire dagar for å sjå kven av slavane som var sterkast.

Aronsen fortel at det ikkje nyttar å ha for konkrete planer nede i Afrika.

— Folk stressar ikkje slik ein er vant med heime. Skal du frå a til b med ein buss, går den ikkje før den er full. Dette kan ta 10 minutt eller ein hel dag. Så då er det berre til å ta tida til bruk.

Ut i lærarpraksis

HSH-studentane skal no ut i praksis med undervisning på engelsk. Skulen ligg i byen Dar-es-Salaam og tek 800 elevar.

— Vi har vore der på besøk. Ungane var utruleg disiplinerte samtidig som dei utstrålte masse lukke!

No lærarstudentane heime igjen på Stord. Då skal dei bruke erfaringane og inntrykka sine i praksis ved skular i Stord kommune. I tillegg skal dei skrive ei fordjupningsoppgåve. For Alf betyr heimkomsten Studentveka som han er leiar for.

UTANDØRS SKULEKJØKEN: Enkelt og greitt skulekjøken med god mat.<p/>FOTO: SIGURD SANDVOLD