Dette er tredje kvelden, denne veka, eg ser utysket, og også denne gongen er ho ute med desse fangstreiskapane som gjer henne så farleg.Ho har alt teke livet av svært mange av oss, og det på dei mest bestialske måtar ein kan tenkje seg, nokre vart brutalt kutta i to, medan andre vart drukna i sterk saltlake.

Blindpassasjerar

Så fortvila og vanskeleg har stoda vore for oss dei siste åra, heilt sidan tip-tip-tip-tip oldeforeldra våre, for 8-9 år sidan kom inn i landet. Dei hadde riktig nok ikkje verken innvandringsløyve eller turistvisum, dei følgde rett og slett med som blindpassasjerar i ein trailer med planteimport som ein gartnar hadde tinga, men likevel!

Feilen var at tip-tip-tip-tip oldeforeldra våre, som hamna sør på Stord, dei treivst godt her på Vestlandet dei, dessutan hadde dei næringsvit og tok for seg av det landet hadde å by på, og sidan dei treivst så godt så produserte dei etterkomarar og. Difor vart det mange av oss, og vi spreidde oss ut over, og busette oss, på store deler av Vestlandet, og i den seinare tid også i andre landsdelar.

— Brune

Dette likte ikkje nordmennene. Arbeidsvillige innvandrarar som attpå til har næringsvit og tek for seg av dei goda som er, vil dei ikkje ha her. Og så er vi brune, det skal du heller ikkje vere i Noreg. Det vil seia, nordmenn betaler gjerne dyrt for å verte brune sjølv, men er du innvandrar må du ikkje vere brun, nordmenn vore skremde av brune innvandrarar som oss.

Rasen vår er likevel ikkje noko ukjend fenomen for nordmennene. Slike som oss har det alltid eksistert her i landet, og dei har og levd på same måten som vi, har ete same maten og har halde til på dei same stadene. Men dei er ikkje brune og dei er heller ikkje innvandrarar. Nordmennene var vane med dei, så om dei ikkje nett lika dei heller, vart dei no likevel tolererte. Det var ingen den gongen som utdanna krigarkonsulentar som skulle rettleia folk i kampen mot oss, eller som skreiv i avisene og gav oppskrift på alle dei bestialske avlivingsmetodane som folk i dag vert opplært til å setta i gang mot oss. “Drep dei med salt, drep dei med kalk, drukna dei i øl, kutt dei i bitar med saks eller få fatt i rovfuglar som kan ta knekken på dei”, det er ikkje ende på utspekulerte måtar å ta livet vårt på.

Inspeksjonsrundar kvar kveld

Vi er jaga vilt alle stader, difor er vi sjeldan ute om dagen. Treng vi mat, fer vi helst ut om kvelden og natta, då er nordmenn flest inne og ser fjernsyn.

Men no har denne fæle kjerringa oppdaga taktikken vår, no kjem ho på inspeksjonsrundar kvar kveld. Og nett no står ho over meg, eg er oppdaga, det er nok slutten for meg no.

“Kvifor måtte det gå slik i vårt nye fedreland,” er eit av dei siste spørsmåla du får frå ein åttande generasjon innvandrar av Iberiaskogsnigle-slekta, “vi veit ikkje om at vi gjer noko meir galt enn det dei norske sniglane har gjort i alle år, kvifor er det berre vi som skal i saltlakebøtta og i sniglegiljotinen.?

Pølseklypa

Eg rekk ikkje å spørje meir, kjerringa har funne fram den gamle pølseklypa som held meg fast i eit jarngrep, før vegen går rett mot saltblandingsdauden.

Farvel påskeliljer og pinseliljer, farvel fiolar, tusenfryd og stokkroser. Ein sorgfull, innvandra, brun, planteetar dreg no, så alt for tidleg og mot sin vilje, hata av eit heilt folk, på si siste reis til dei evige rose- og liljemarkene. Takk for alt!

P. s. Eg har lagt egg, så til våren kjem det fram meir enn 400 nye brunsniglar med mine genar, då vert det hemnaksjon i liljebedet! Garantert!. D. s.

Sniggel Kjell.
Kjell Sælensminde
Brunsniggel.ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ
Snegleinvasjon. ARKIVFOTO: KNUT STRAND