— Dei vart heilt frå seg då dei fekk vite kva som hadde hendt. Hunden har aldri gjort noko slik før, seier lensmannsbetjent Christian Meyer.

Han snakka i går med familien som eig den eitt år gamle svarte labradoren.

— Dei ga klar beskjed om at dei vil ha hunden avliva. Det vil bli gjort med det aller første, seier Meyer.

Dersom hundeeigaren hadde motsett seg avliving, ville utfallet vore uvisst. Først måtte ein klage vorte sendt til eigaren. Deretter ville namsmannen tatt stilling til saka. Ei undersøking av slike saker frå andre halvår i 1998 viste at berre ein einaste hund var avliva i strid med eigarens vilje.

Fleire barnedrap

Det har dei siste åra vore fleire fatale hundeangrep mot barn her til lands:

  • 31. januar 2002: Sju år gamle Johannes Åsheim frå Vest-Torpa blir biten ihel av minst fire laushundar på veg heim frå skulen.
  • 9. mai 1999: Fire år gamle Martin Rønningsbak blir skambiten i hovudet av to schæferar på ein gangveg i Oslo.
  • 13. desember 1994: Seks år gamle Tord Tørstad Korban blir drepen av ein grønlandshund i Alvdal.
  • 17. mars 1991 Ein åtte månader gammal baby blir biten i andletet av tre polarhundar i Tromsø og må gjennomgå fleire operasjonar.

4000 hundeoffer i året

Kvart år blir ca. 4000 nordmenn bitne av hundar. Det er brei politisk semje om at lovverket om hundehald må strammast inn, og utkastet til ei ny lov har vore ute på høyring.

Der går departementet inn for at det skal bli lov å avlive hundar som blir oppfatta som trugande. Også hundar som har gått til angrep skal det bli enklare å få avliva - spesielt dersom hunden har gått laus på barn: «Er det barn som er angrepet, bør ikke terskelen for avliving være høy», heiter det i lovutkastet frå Justisdepartementet.

Stortinget vil etter planen få oversendt det endelege framlegget på haustparten, og skal truleg ta stilling til den nye lova neste år.