— Avlivinga skjedde etter samråd med dyrlege, fortel hundeeigar Alvgeir Stegane til bt.no.

Det var natt til fredag i førre veke at hunden blei prøvd avliva av politiet. Dagen før hadde border collien gått til angrep på ein bonde. Politiet skaut to skot mot hunden. Skota gjekk gjennom kjeven og brystet på dyret, og politiet trudde lengde dei hadde teke livet av hunden.

Men laurdag kom Charlie heim att til eigaren.

— Dyrlegen meinte han aldri ville bli heilt frisk. Vi gjorde det vi tykte var best for hunden, fortel Stegane.

AVLIVA: Hunden Charlie. FOTO: PRIVAT