Om ordet ”folkekyrkje” skal ha ei meining, må det vera Nesheim kyrkje i Eksingedalen. I september i år skal bygdefolket samlast for å feira 100 års høgtida for den vakre, vesle kyrkja midt på den breie flata før vegen opp mot Teigdalsfjellet tek til å krypa oppover lia. Ser du kyrkja, merkar du deg gjerne den spesielle forma på kyrkjetårnet med spissar som peikar oppover. Ho er meir lik dei mange nybyggjarkyrkjene i Midtvesten i USA enn de mange standardkyrkjene som vart bygde for drygt 100 år sidan – ho minner ikkje så lite om Emigrantkyrkja frå Nord Dakota som no står på Sletta i Radøy.

Det var statens bygningsinspektør arkitekt Ad. Schirmer som teikna Nesheimskyrkja, men det var på grunnlag av eldre teikningar, og kanskje har den skissa minningar om dei mange utvandrarane frå dalen?.

La att pengar til kyrkjebygging

Røtene finn vi tilbake i 1897. Då vende ei norskamerikanar heimover på gjesting. Gulleik Larson (Trefall) var no enkjemann og farmar frå Dodge County i Minnesota, rimeleg velståande. Men han vart fødd som husmannsgut 4. oktober 1832 i Eksingedalen, døypt to månader seinare i Evanger kyrkje – foreldra måtte ta seg den to mil lange vegen over fjellet og ned Teigdalen for å koma til kyrkja på Evanger.

I 1860 utvandrar han til Amerika saman med kona Anna og sonen Lars, og der vert han buande resten av livet, først i Wisconsin, deretter i Minnesota, der han vert ein av dei mange ”homesteadarane”. No ser han heimbygda att, og før han dreg vestover att, har han late etter seg ei gåve på 2000 kroner som hjelp til å reisa eit gudshus øvst i Eksingedalen.

Det er ei gåve som monnar. Kostnadsrekninga endar på rundt 8000 kroner, så amerikagåva er omtrent ein fjerdedel av alt. Det er ikkje så mykje det skal betalast for, byggjeløn og køyring av materialar og takheller er det meste, elles må dei kjøpa 2730 skiferheller til 272 kroner, 24 kyrkjestolar til 288 kroner, og kyrkjeklokke, laga av den kjende klokkestøyparen Olsen Nalum til 300 kroner.

Måtte bera kostnadane sjølve

Bortsett frå eit par tusen kroner frå Opplysningsvesenets fond må bygdefolket bera alt sjølve, og det meste er dugnadsarbeid og fri grunn både til kyrkja og kyrkjegarden. Kyrkja vert nok litt dyrare enn kostnadsoverslaget, men på innviingsdagen 17. september 1908 står ho der, og ho er gjeldfri, slik departementet hadde kravd i godkjenningsbrevet. Og det vert ei høgtid med framtid i seg: To born vert døypte på sjølve dagen, det er Johannes Fosse, som rett nok er heimedøypt, men som får dåpen stadfesta i kyrkja, og det er Maria Brakestad, fødd 6. juli 1908. Johannes er elles son til ein av kyrkjebyggjarane.

Kyrkja kunne kanskje vore ferdig litt tidlegare, men vinteren kom og sluttarbeidet vart gjort sommaren 1908. Men vindfløya på kyrkjetårnet har årstalet 1907, så nyekyrkja var nok under tak seinhaustes 1907, får vi tru.

Nesheim vart kyrkjestad for heile den øvste delen av Eksingedalen, ”Evangerdelen” av dalen, kyrkja på Flatekval samla Modalssokna av dalen, og Eidslandet kyrkje for nedste delen, der folket høyrde til Bruvik. Nesheim høyrde til Evanger prestegjeld fram til kommunereguleringa i 1964, då heile Eksingedalen gjekk over til Vaksdal kommune, og no vart bygda knytt til vegen som førde ned til Eidslandet og seinare også Modalen. Men alt i 1908 vart det slutt med dei tunge kyrkjeferdene over fjellet, med overnatting på Brekkhus og deretter ned Teigdalen.

Ikkje lenger ein utkant

Men i dag er gamletida komen att. Kraftutbygginga førde til at det vart veg over fjellet, for kort tid sidan vart vegen stelt skikkeleg i stand, så i dag kan folket i bygda velja mellom to Europavegar: E 16 på Evanger og E 39 på Romarheim. Folkekyrkja er ikkje lenger ei utkantkyrkje, no har bygda fått ei ny og god framtid – med breibands datasamband på gardane heilt opp til Trefall og Gullbrå!