STEINAR HYSTAD

Saman med ein annan fanamann, Olav Overaa, var han på ferietur til den Italienske øya på seinhausten i fjor. Frå øvste tilskodarplass i det eldgamle amifteateret i byen Syracusa, nytte han utsynet over vakkert landskap og nære sjøområde. Brått festa augo seg ved eit utrangert og truleg også ganske så utbrent skipsskrog på ein sandbanke. Avstanden var så stor at heller ikkje intens kikking gjennom kikkert kunne gje avgjerande svar på om dei der og då hadde løyst Eidfjord-gåta.

Gode kjensler

Hagbart Lunde er pensjonert lege og kjem frå Valen i Sunnhordland. Han vaks opp i tida då HSD sine fjordabåtar var einrådande i samferdsla mellom by og land. Like frå gutedagane har han hatt gode kjensler for damparane, og i alle vaksne år har Lunde sitt hjarta slått nokre slag ekstra når farty av dette slaget har vore tema for drøfting eller avisartiklar.

— Eg beit meg sjølvsagt merke i BT- oppslaget på vårparten i fjor, om Harald Sætre og kunnskapen hans om HSD-flåten. Frå basen i Indre Arna har Sætre full kontroll på båtane; Kva tid dei kom på sjøen, kva ruter dei hadde og har, og kor dei segla ut i verda når tenestetida i Hordaland var over. Med meir enn generell interesse for skipstypen, la eg meg på minnet at Sætre ville vera glad for opplysningar om kvar det til slutt vart av M/F «Eidfjord». Ryktet ville ha det til at han sist var sett i Middelhavet, fortel Lunde.

99 prosent sikker

Dagen etter den spennande oppdaginga frå amfiet, la herrane frå Fana utflukta mot elvemunningen ved Potro Grande. Dei kunne ikkje forlata staden før grundigare studiar av skipsvraket var utført. Gjerde og vått lende sette stopp for veldig nærgåande granskingar og nærfoto.

— Men eg fekk sett såpass at det berre manglar ein prosent på at eg er heilt sikker på at dette var restane av M/S «Eidfjord». Meiner å kjenna båten godt etter å ha vore passasjer på mange turar då han gjekk i rutefart på Kvinnherad, seier Hagbart Lunde.

Harald Sætre har alt motteke meldinga og ajourført arkivet sitt på loftsrommet i Arna. Oppmoding til hamnekontoret i Syracusa om fleire opplysningar kring det stranda fartyet ved Porto Grande, har førebels ikkje gjeve resultat.

<b>NESTEN SIKKER</b>: Hagbart Lunde er 99 prosent sikkert på at det er tidlegare HSD-slitaren «Eidfjord» som står på ein sandbanke ved Syracusa på Sicilia. <p/> FOTO: OLAV OVERAA