Christian_Haug_Eide.jpg
Tore_Grane_Klausen.jpg

Veit du om nokon som har fått løyve til å byggje på ei tomt kommunen eigentleg ikkje ville dei skulle byggje på, kanskje på grunn av fare for ras eller flaum? Eller har du undra deg over kvifor forsikringsselskap let folk byggje opp att flaumråka hus?I gamle dagar vart gardar ofte bygd der det var trygt og i ly, medan ein no til dags kan ane tendensen til at ein helst byggjer der det er fin utsikt eller ein er nær sjøen. For eit par natur-vitarar sit det langt inne å sitere Matteus 7:26:

STERKE KREFTER: Flåmselvi tok med seg hus, broer, fjøs, jordbruksmaskiner.
RUNE SÆVIG

«Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand.»

Men Matteus har unekteleg eit poeng når det gjeld flaumsikring.

Uforanderleg landskap?

Medan nyheitene frå den tragiske flaumen i slutten av oktober i fjor rulla over skjermen, bestemte vi oss for å sette oss i bilen og køyre innover fjordane for å sjå på naturen sine krefter og elvene sin oppførsel. Til dagleg arbeider vi med avsetjingar av sand, grus og leire lagt ned av elver og sjøar for millionar av år sidan. Desse avsetningane frå tidlegare tider ser vi som nedgravne landskap den dag i dag, slik som dei som er fylt med olje i Nordsjøen og i Barentshavet, eller i fjella på Svalbard, i Utah og på Grønland. Når ein til dagleg jobbar med eit slikt tusenårsperspektiv, kan det vere lærerikt å tenkje på kor katastrofal kvar enkelt slik avsetningshending kan vere. Det er ofte slik det er, at landskapet ligg der, nærast uforanderleg i mange år. Plutseleg ein dag skjer eit steinsprang, ein flaum etter ein orkan, eller ei elv som grev i ein yttersving og tar eit nytt løp.

Under flaumen i Flåm kunne vi sjå prosessar som vi vanlegvis berre ser resultata av opptre rett framfor oss. Med eit slikt perspektiv gjekk vi flaumen i møte, og skodd med statistikk skulle det vise seg at det var meir ved denne flaumen enn vi først antok.

Siste halvdel av året

Grafen under viser vassføringa i Flåmselvi kvar einaste dag heilt frå 1908 fram til nyttårsaftan 2014. Ser ein nærare på eitt år, ser ein at det nesten ikkje er vatn i elva dei to-tre fyrste månadane i året sidan nedbøren då fell som snø i fjellet. Vassføringa stig litt gjennom mars og april, for så å stige brått i løpet av mai når snøsmeltinga verkeleg tek til.

Vassføringa er jamt over størst tidleg på sommaren, men minkar etter kvart som snøen har smelta vekk i høgfjellet.

Dei største flaumane skjer ofte i siste halvdelen av året når det verkeleg regnar over heile nedslagsfeltet og ingenting fell som snø. Altfor mykje regn skal ned elva på same tid, og det dannast flaumar som står fram som spisse taggar på grafen. Flaumen som gjekk i fjor, er den skarpe taggen heilt til høgre. Vi ser likevel at det har vore fleire flaumar som er like store, eller også enda større, seinast i 1985.

Når det er flaum, reagerer elver på to måtar:

  • Ved å flaume over sine breidder.
  • Ved å grave i yttersvingane. Når elva flaumar over breiddene, renn vatn ut på elvesletta og set kjellarar og heile hus under vatn. I flate område, slik som i Glommavassdraget på Austlandet, ved New Orleans i USA eller på elvesletta til Nilen i Egypt, er det denne typen flaum som er det største problemet. Det kan skytast inn at dette fungerte som gjødsling i tidlegare tider og var kjærkome for jordbruket. I dag oppfattast det heller som ei pest og plage.

På Vestlandet ligg elvene i djupe dalar, og det er svært få breie flaumsletter å flaume ut over. Denne typen flaum er derfor sjeldan eit stort problem.

graf.png

Trongt og bratt

Elveerosjon kan vere mykje meir øydeleggjande. Når elva strøymer fortare under ein flaum, byrjar den å grave i yttersvingane. I dei tronge og bratte dalane på Vestlandet er vi spesielt utsett for dette, sidan vassmengdene kan kome fort og voldsamt med få plassar å gjere av seg.

Det var hovudproblemet under flaumen i fjor.

Mange hus er bygde på dei ganske flate elveterrassane omkring elva. Der består elvebanken av mjuk sand og leire som det er lett å grave ut. Er ikkje banken forsterka, kan elva grave seg under hus, som så veltar ut i vatnet. I Flåm grov elva enkelte stader titals meter i yttersvingane, og vi antar at det var få som hadde rekna med at nettopp det skulle skje.

Karta ikkje gode nok

Noregs vassdrags— og energidirektorat (NVE) produserer flaumsonekart for fleire område i Noreg. Dei viser kvar det kan vere farleg å byggje på grunn av fare for flaum. Karta vert laga ved å sjå på kor høg vassføring ei elv har hatt gjennom ei årrekkje, for deretter å anslå kor høgt vatnet kan stå under ein flaum innanfor ein tiårsperiode, femtiårsperiode og tohundreårsperiode. Så fargekodar ein områda som forventast å hamne under vatn i løpet av desse periodane. Karta kan nyttast av planleggjarar i kommunane, av takstfolk og forsikringsselskap så vel som private.

MANGELFULL METODE: Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) produserer flaumsonekart for fleire område i Noreg. Metoden dei brukar anslår faren for at området blir sett under vatn, men den fortel ingen ting om kor stor faren er for at elva skal grave og ta med seg heile huset.
EIRIK BREKKE

Problemet er at denne metoden berre anslår faren for at området blir sett under vatn. Den fortel ingen ting om kor stor faren er for at elva skal grave og ta med seg heile huset. Elver har eit potensial til både å kunne kutte seg inn under hus, slik som skjedde i Flåm, eller kutte nært nok inn på hus til at grunnen rasar ut og tar med seg huset, slik som skjedde i Odda.

ETTERPÅ: Erosjon og avsetjing etter flaumen på Flåm i fjor. Legg merke til erosjonen i yttersvingen av elva, og avsetjing i innersvingane.
Christian Haug Eide

God dag, mann — økseskaft

Det finst flaumsonekart frå NVE i dag som viser område der det er fare for skader om vassnivået i elva stig. Men område som er utsett for erosjon i yttersvingane, er ikkje markert på nokon måte - endå det nettopp er eit slikt område elva vil grave i om yttersvingen ikkje er sikra. I flate område med store elvesletter er det sjeldan hus på elvebreddene, og slike kart er viktige verktøy for å planleggje flaumsikring. Men i tronge elvedalar får slike kart ei «god dag, mann-økseskaft»-effekt: Dei fortel akkurat det dei skal fortelje, nemleg kva område som vil liggje under vatn om det blir flaum. Problemet er at dette ikkje er viktig om ein har bygg på lausmassar i ein trong dal. Det bør bli betre kommunisert til brukarane av slike kart.

Det vi fann på vår ferd til flaumråka område, var ikkje noko som overraska oss fagleg. Flaumen frakta ikkje meir vatn enn tidlegare store flaumar, og elva oppførte seg nett slik læreboka tilseier at den skal. Det som overraska oss, var ein tilsynelatande mangel på geologisk forståing, forståinga om elva sin innebygde uro og mogelegheit for erosjon, eller i alle fall ei manglande vilje til å bruke ressursar på å førebyggje og sikre for ulykker som ein ser kome.

Tilpassa Austlandet?

Kanskje er også dei gjeldande retningslinjene meir tilpassa farar ved store elver i flate område på Austlandet enn små elver i bratte område på Vestlandet. Det er sjølvsagt ikkje noko nytt for dei som til dagleg arbeider med elver og naturkatastrofar, men vi håpar at flaumen i fjor kan vere ein vekkjar for politikarar og husbyggjarar, slik at vi kanskje kan unngå at skadane blir like store neste gong vi opplev ein femtiårsflaum. For å unngå det må samfunnet på kort sikt løyve større midlar til å sikre allereie utsett infrastruktur.

Men det er òg viktig at dei som sit med kompetanse til å vurdere risiko for naturskade blir flinkare til å kommunisere det til dei som tar avgjerder i kommunane, og at dei som arbeider med planlegging og sikring er flinke til å søke slik kunnskap.

Det viktigaste og mest langsiktige tiltaket er likevel at stat og kommune blir strengare med kor dei gir løyve til å byggje, og at dei får verktøy og kompetanse til å vurdere nettopp kor det er trygt.

Tore_Grane_Klausen.jpg
Christian_Haug_Eide.jpg
BYGGJER FOR NÆR ELVA: I gamle dagar vart gardar ofte bygd der det var trygt og i ly, medan ein no til dags kan ane tendensen til at ein helst byggjer der det er fin utsikt eller ein er nær sjøen og elva.
Christian Haug Eide