Den dagen vert i mange land kalla for ”Reformasjonsdagen” – og det er noko anna enn Halloween, sjølv om det kanskje er ein syltynn samanheng mellom dei.

Namnet ”Reformasjonsdag” viser til dagen då Martin Luther spikra sine ”95 teser” på døra til Slottskyrkja i Wittenberg. Aksjonen vert rekna som starten på reformasjonen.

Konserten i Fusa kyrkje er bygd opp kring ein av Luther sine mest kjende salmar: ”Vår Gud han er så fast ei borg”. Orgeldelen i denne ”Orgel + Kor-konserten” vert ivareteke av kantor Iman de Zwarte. Han vil spele orgelmusikk i ulike stilarter basert på denne melodien. M.a. barokke koralforspel av Bach og Buxtehude, eit stort romantisk verk av Max Reger og eit jazzinspirert koralforspel frå vår tid.

Kordelen vert ivareteke av eit lite prosjektkor beståande av fire lokale songarar (sjå bilete).

Det som er særleg interessant i kordelen er demonstrasjonen av korleis salmemelodien har utvikla seg over tid. Særleg rytmen har endra seg frå ein uvanleg livleg og spenstig melodi med swing, til ein utjamna og meir statisk variant i bruk i vår tid. Det vil vise seg at såkalla ”moderne rytmar” ikkje er så moderne likevel.

Koret vil framføre koralsatsar av Johann Walter (ven av Luther), Lukas Osiander, Johann Sebastian Bach og eit større verk av mannen som, ifølgje ”Guinness Book of World Records”, framleis har verdsrekorden i mengd komposisjonar: Georg Philipp Telemann.

Til konserten er det laga eit fyldig program med informasjon om salmen og dei spelte musikkverk. Også svaret på spørsmålet om samanhengen mellom Reformasjonsdagen og Halloween kan du finne i programheftet.

Fusa kyrkje, fredag 31. oktober kl. 19.30 – inngang Kr 100,-

Prosjektkor (frå venstre) Liv Veland, Rianne de Zwarte, Malvin Gjøn og Torstein Skåtun. Ved orgelet: Iman de Zwarte.