Den smale og svake vegen opp mot Briksdalsbreen var på nippet til å forårsake ei sikker tragedie for 47 israelske turistar og ein svensk bussjåfør litt over klokka 15 tirsdag. Ingen panikk — Vi får berre ta imot og takke for at dette gjekk bra, var hjartesukket frå sjåfør Robert Boström etter at han og passasjerane hadde kome til hektene inne på Loenfjord hotell i går kveld. Både sjåfør Boström og den israelske guiden Moti Blustein fortel om ei real sjokkoppleving, men samstundes om ei gruppe turistar som greidde evakueringa gjennom knuste sidevindu på roleg og effektivt vis. Stoppa ikkje - Eg måtte ut på kanten då ein bil med campingvogn-speglar kom imot, fortel Robert Bostrøm. ý Då merka eg at det gav etter, og bussen seig fraover inn i eit tre. Der vart den heldigvis ståande, og vi kunne evakuere ut sidevindauga som vende opp mot vegbana. Alt gjekk roleg for seg, og samtlege var ute på om lag fem minuttar. Fysisk uskadde, bortsett frå enkelte småkutt i hendene. Bilen dei møtte, fortsette utan å stoppe.Og at det var fem nervepirrande minuttar er unødvendig å seie. Folk som kom til, måtte så ekstra godt etter for å finne ut kva som eigentleg forhindra den om lag 15 tonn tunge bussen frå å tippe vidare rundt og ut i vatnet nedanfor. Hjalp kvarandre - Folk hjalp kvarandre med å komme ut, fortel passasjer Eileen Strassburger. ý Det gjekk overraskande greit.Den israelske gruppa på 47 har reist saman i Norge siste veka, og hadde vore ein tur til Geiranger tilegare på dagen. Om ettermiddagen skulle dei til Briksdalsbreen. Den attraksjonen må dei ha til gode. I går kveld gjekk turen vidare som planlagt, men med ein annan buss, til Førde. Tungt trafikkert Også politi og redningsmannskap som kom til ulukkesstaden ved Eide i Oldedalen måtte konstatere at dei 48 om bord har hatt eit utruleg hell i uhellet.- Dette har vore på håret til å bli ei stor katastrofe, konstaterer lensmannsbetjent Tor Egedal i Stryn. Den smale vegen i Oldedalen er i sesongen tungt trafikkert. Parkeringa ved fjellstova i enden tek 40 store bussar, og er oftast fullsett heile dagen. I tillegg kjem vogntoga som transporterer Olden-vatn ut på marknaden.