Menn mellom 16 og 25 år står for nær halvparten av personbilulykkene som endar med tiltale for aktlaust drap.

I seks av ti tilfelle der høg fart og/eller er rus er årsak, er tiltalte førar under 25 år, viser BTs gjennomgang.

Han var 18 år og hadde nett fått førarkort og sportsbil då det small. BTMagasinet har følgt ei typisk bildrapssak i retten.

TOYOTA CELICAEN krasjar ved Ålvik. Føraren får hjelp ut av sportsbilen.

— Eg køyrde no ikkje så fort, seier han.

Passasjer Henrik Mæland Flotve (16) er att i vraket.

Ni månader etter ulykka. Tårene trillar der han står midt på golvet og ventar i Norheimsund tingrett denne sommarmorgonen. Det er berre ei veke til han fyller 19 år. Han hugsar ingenting frå ulykka, har han fortalt politiet. No er han tiltalt for aktlaust bildrap.

Om nokre minutt sit tenåringen på tiltalebenken. Med seg i rettslokalet har han foreldra og kjærasten.

Utanfor samlar dei etterlatne etter Henrik Mæland Flotve seg, foreldra, storebror og eit syskenbarn. Dei etterlatne og sjåføren som køyrde bilen guten deira sat på, med har aldri møttest før. Inne på eit rom utanfor rettssalen vert det eit kort møte mellom partane. Far til tiltalte legg andletet i hendene. Tiltalte lener seg inntil veggen og stirer ut i lufta.

Dei etterlatne tek plass på stolrada fremst i det vesle tingrettlokalet. Rett bak sit foreldra og kjærasten til sjåføren. Det er sorgtunge drag i andleta på alle. Berre duren frå ventilasjonsanlegget bryt stilla. Sola tvingar seg inn i rommet. I salen sit også vitnet Arne I. Oppedal, han som køyrde bilen som kom imot under samanstøyten.

Tiltalte sit ved sida av forsvararen Øyvind Kvåle. Den unge mannen hentar fram eit lommetørkle.

Tørkar endå ei tåre.

PRESIS KLOKKA 9.30 reiser alle seg.

— Då er retten sett, seier sorenskrivar og dommar Klaus Skjerdal. Han ber tiltalte reise seg. Tiltalte fortel han er lærling og går på vidaregåande skule. Dommaren les opp punkta i tiltalen. Det første er etter straffelovas paragraf 239.

— Nei, svarar den unge mannen på spørsmål om han vedkjenner seg straffeskuld «for ved uaktsomhet, ved bruk av motorvogn, å ha forvoldt en annens død».

Han svarar ja på andre punktet, brot på vegtrafikklova, paragraf 3: «for å ha overtrådt bestemmelsen om at enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom, så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade...»

Og «ja» til å ha køyrd fortare enn 80 km/t utanfor tettbygd strok.

— Ja, men eg kan ikkje skjønne at eg har køyrd så fort...

Så kjem tårene igjen.

Ho som har mista, mor til Henrik Mæland Flotve, tørkar òg fleire tårer.

Aktor Kjetil Kvalvik held innleiingsføredrag i ein lågmælt tone.

— Denne straffesaka dreiar seg om ei svært tragisk trafikkulykke. Sjåføren hadde hatt førarkortet berre eit par månader då ulykka skjedde, han har fortalt politiet at han ikkje hugsar noko.

DET VAR LAURDAG 19. september i fjor det skjedde, i Kvam i Hardanger. På landsbygda, eller i mindre kommunar - det er der dei fleste bildrapsulykkene skjer i Norge.

18-åringen hadde teke førarkortet i juli. Bilen, ein Toyota Celica T 23 med 143 hestekrefter, hadde han berre hatt nokre veker. Tiltalte kom køyrande på riksveg 7 i retning Indre Ålvik. Han kom over ein liten bakketopp og inn i ein slak venstresving. Køyretøyet skrensa inn i fjellveggen på motsett side. Blei kasta inn att i vegbana, og small saman med ein møtande personbil. Livet til passasjer Henrik Mæland Flotve stod ikkje til å redde.

— Tiltalte køyrde i altfor stor fart, det var derfor ulykka skjedde, derfor han mista kontroll over køyretøyet, seier aktor. Han viser til vitna, sjåføren som kom imot og sjåføren i bilen som kom bak han igjen. Vitna, og dei sakkunnige, skal seinare seie sitt.

FORSVARAR Øyvind Kvåle meiner fleire overraskingsmoment spelte inn for sjåføren. Han peikar på vegbanen som ei mogleg årsak til ulykka. Rekkverket på ulykkesstaden er feil, held han fram, sidan det ikkje er plassert heilt inntil vegen nær der ulykka skjedde.

— Det var dårleg vegdekke i asfalten før svingen, seier forsvararen og meiner ein ikkje kan utelukke at den tiltalte sjåføren kan ha vore utanfor asfaltkanten, og at vegen slik var årsak til sladden. Advokaten held òg fram at tiltalte er 90 prosent blind på høgre auget.

Tiltalte forklarar seg. Han kjøpte bilen for 249.000 kroner, tok opp lån på 184.000, fortel han.

— Eg kjøpte bilen på grunn av utsjånaden, ikkje på grunn av motoren, for eg veit at det ikkje går an å køyre fort på desse vegane her.

Han seier at han såg på Toyota Celicaen som eit framkomstmiddel.

— Eg ville ha ein bil som var trygg å køyre, det har pappa òg sagt. Eg ville for eksempel ikkje ha ein gammal BMW.

Han kan framleis ikkje skjønne kva som skjedde, at han kan ha køyrt så fort som dei sakkunnige meiner.

Aktor spør om han kjende Henrik Mæland Flotve?

— Eg visste kven han var. Han var venn med kjærasten min. Veka før trefte eg han på butikken, han spurte om å få sitje på. Eg sa nei, og sa han heller fekk sitje på ein annan gong.

Når det gjeld ulykkesdagen, seier han:

— Eg er blitt fortalt at han spurte meg om å få sitje på. Eg vaska bil. Kjærasten var sur på meg etter ein krangel.

Advokaten til dei etterlatne lurer på kvifor Henrik Mæland Flotve hadde spurt om å få sitje på?

— Han syntest bilen var tøff og stilig å sjå på.

Tiltalte fortel at han hadde køyrt strekninga eit par gonger før med bil, og fleire gonger med lett motorsykkel. Han var kjend med denne strekninga, sidan kjærasten heldt til i Ålvik.

— Eg veit korleis vegen var.

SYNFARING PÅ ÅSTADEN. Faren legg armen rundt den tiltalte sonen, dei tuslar bortetter vegen. I vegkanten står dei etterlatne i ei lita klyngje. Dei held saman heile tida.

Politiet har sperra vegen, slik at retten kan sjå føre seg staden der ulykka skjedde. Aktor, forsvarar, meddommarar, sakkunnige og vitnet Arne I. Oppdal står samla i ulykkesområdet. Framfor fjellveggen står det mala «HF» i vegbana, høgre forhjul. Det var her han trefte fjellet, roterte 360 grader, spratt ut i vegen igjen og møtte Oppedal sin bil.

I enden av strekninga snevrar vegen inn. Skiltinga tilrår der fart på 40 km/t.

Dommaren bed vitnet Oppedal fortelje korleis han opplevde det som skjedde:

— Eg gjekk ned i tredje gir, tippar eg heldt ein fart på 50-55 km/t. Eg ser han kjem imot, med forhjula løfta frå vegbana, i kolossal fart. Han må ha hatt ei fordømd fart. Eg har tenkt på det som skjedde mange gonger, fortel den eldre mannen.

Forsvararen er oppteken av om tiltalte kan ha vore utanfor vegbana i forkant av skrensen.

— Og kan det ha gjeve han panikk?

Han lurer på om den sakkunnige, Olav Lindvik frå Statens vegvesen, undersøkte godt nok på åstaden. Og kor stor fart det går an å ha her, utan å kome over i motsett kjørebane.

— 125 km/t, seier den sakkunnige.

TILBAKE I RETTEN ringjer dommaren vitnet Ernst Rykkje, som er i utlandet og må forklare seg på telefon. «Velkommen til mobilsvar...»

Dei går vidare.

Forsvararen spør tiltalte om synet.

— Eg er fødd med ti prosent syn på det høgre auget, det har aldri vore noko problem for meg, veit ikkje om anna.

— Det er ei frykteleg sak, korleis har du det etter ulykka? spør forsvararen.

— Det går bra, men det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på den.

Tiltalte fell nye tårer.

— Skulle ønskje det var ugjort.

Han snur forsiktig på hovudet, mot stolane der dei etterlatne sit.

— Eg vil gjerne seie unnskyld.

Mor til Henrik Mæland Flotve tek seg til augnekroken. Faren ser ned. Pårørande til tiltalte er òg tydeleg prega. Blikka er triste og fuktige.

SAKKUNNIG Olav Lindvik frå Statens vegvesen har på bakgrunn av funna og spor på åstaden berekna ei sannsynleg fart på minst 120 km/t.

Forsvararen lurer på om han kan utelukke at bilen har vore utanfor vegkanten før skrensen.

— Nei, men eg finn ikkje noko som talar for det.

Den andre sakkunnige er Erik Aanerud frå Ingeniørirmaet Rekon DA. Han viser rekonstruksjonen på veggen i detalj. Korleis bilen kjem over bakketoppen, får sideskrens, treff fjellveggen, roterer 360 grader rundt og treff møtande bil. Dei involverte får ulykka i reprise.

— Han svingar for kraftig, for seint, seier Aanerud.

Han har kalkulert farten til minst 111 km/t. Då er alle moment og sikkerheitsmarginar lagt inn i analysen.

— Men det er mykje meir sannsynleg at farten var mellom 120 og 130 km/t. Vi kan med stor grad av sikkerheit seie at den har vore høgare enn 111 km/t. Kombinasjonen fart og for rask sving var årsaka til ulykka, seier Aanerud.

— I realiteten ein førarfeil? spør dommaren.

— Kall det gjerne ein førarfeil som veldig ofte oppstår i stor fart.

DAG TO I RETTEN startar med vitnet Ernst Rykkje på telefon frå utlandet. Saman med familien kom han køyrande bak Oppedal, som fekk ulykkesbilen i fronten. Rykkje får beskjed om å fortelje med eigne ord korleis han opplevde situasjonen:

— Det kom ein bil med enorm fart gjennom svingen. Han fekk sideskrens tvers over vegen, trefte fjellet og kom ut i vegen, før han trefte bilen framfor oss.

Rykkje gjekk ut av bilen. Først til den næraste, Oppedal, og fekk han ut. Så gjekk han til Toyotaen. Han fekk ikkje kontakt med passasjeren Henrik Mæland Flotve.

— Han andre (sjåføren) låg over rattet og stønna.

Rykkje hjelpte han ut.

— Det første han sa var «eg køyrde no ikkje så fort».

SLUTTPROSEDYRE. Aktor først:

— Vyrde rett, dette er ei tragisk sak der farten var den store utløysande årsaka, det var ei villa handling, oppsøkt risikofaktor, seier han og ramsar opp at båe sakkunnige seier sannsynleg fart var mellom 120 og 130 km/t, at tiltalte hadde hatt førarkort mindre enn tre månader, bilen var ny, han burde avpassa fart etter tilhøva, han var ikkje van med bilen og var utrena som sjåfør.

— Det er kvalifisert aktløyse, han må dømmast i samsvar med tiltaleavgjerda, seier aktor.

Han har landa på ein påstand om fengsel i 90 dagar og at tiltalte vert frådømt retten til førarkort i fem år.

Dei etterlatne sin advokat, Ingrid Asknes, reiser krav om oppreisingserstatning.

— Min påstand er at tiltalte handla grovt aktlaust, seier ho.

— Foreldra har ikkje orka påkjenninga det er å vitne, påpeikar ho og legg ned påstand om at tiltalte må betale 75.000 kroner i erstatning til kvar av dei.

FORSVARAREN LEGG NED påstand om at den 18-årige sjåføren vert frikjend for straffeskuld for uaktsamt bildrap etter paragraf 239, frikjend for oppreising og vert behandla på mildaste måte.

— Saka dreier seg om ei vanleg fartsoverskriding, vil eg seie, som utvikla seg på ein brutal måte. Det er òg slik at tiltalte har med seg dette heile livet, det er slikt som må ha betydning for straffeutmåling, legg han til.

— Utfor vegkanten har han ikkje vore, det er berre å akseptere. Men eit eller anna har han gjort som har ført til at han har svinga for kjapt og for seint. Eg trur han trudde vegen var breiare enn den er, og derfor svinga for krapt og for seint.

Forsvararen trekk fram at det går an å køyre 125 km/t og halde sida på vegen.

— Merk det tiltalte sa då han kom ut av bilen: «Eg køyrde no ikkje så fort». Grov aktløyse? Fartsoverskriding er vel noko dei fleste av oss har gjort eller før eller seinare vil gjere seg skuldig i. 111 km/t, det vert ikkje ein gong gjort førarkortbeslag med slik fart i 80-soner. Politiet tek ikkje førarkortet før ved 116 km/t, seier forsvarar Kvåle.

Han meiner det må meir til for å dømmast etter paragraf 239.

— Han har feilkalkulert på grunn av at rekkverket langs vegen var feil, rekkverket gjer vegen breiare enn den er.

Heilt til slutt seier forsvararen om erstatningskravet:

— Kanskje kan ei oppreising vere eit plaster på såret, men de er ikkje grunnlag for det. Då skal det vere grov aktløyse.

DOMMAREN OPPLYSER at tiltalte er pliktig til å møte om tre dagar til forkynning av dommen. Retten vert heva.

Utanfor tingrettslokalet småpratar dei etterlatne med advokaten sin. Dei er utlada. To tøffe dagar i retten. Ei påkjenning som røskar og riv opp sår.

Far til tiltalte kjem bortom og tek dei i handa.

Så går etterlatne og den tiltalte sjåføren og hans familie kvar til sitt.

DOMMEN: Tiltalte hadde altfor høg fart i høve til det som er forsvarleg køyring på strekninga. Forsvarleg fart var etter retten sitt syn godt under 80 km/t. Tiltalte køyrde i minst 111 km/t.

«Retten vurderer det difor som sterkt aktlaust og eit markant avvik frå den åtferd som vert forventa av ein aktsam bilførar...».

18-åringen vert dømt for aktlaust bildrap. Retten meiner aktor sitt framlegg til 90 dagar fengselsstraff og fem års tap av rett til førarkort er høveleg. Sjåføren må òg betale til saman 150.000 kroner i erstatning til den omkomne passasjeren sine foreldre, og 11.425 kroner i erstatning til føraren av den møtande bilen.

I dommen heiter det at tiltalte bør vere seg bevisst det svekte synet på høgre auget og tilpasse køyringa etter det.

«Retten vil også vise til tiltalte sitt utsegn om at han ikkje køyrde så fort og meiner dette tydeleg viser at tiltalte på dette tidspunkt ikkje var moden nok til å ha førarrett, sjølv om han hadde avlagt førarprøve».

RÅKAR HARDT: På åstaden under rettssaka. Tiltalte får støtte av faren. På den andre side av vegen går pårørande – foreldre, bror og syskenbarn til han som mista livet.
BJØRN ERIK LARSEN
ULYKKA: Bilen kjem over bakketoppen, får sideskrens, treff fjellveggen, roterer 360 grader rundt og treff møtande bil.
POLITIET