«Eg har skuffa mange»
Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) i Kvam snur, og set dermed punktum for skulesaka. Norheimsund mistar ungdomsskulen sin.
AV: kjersti mjør
Les også:
- Alt tyder på det. Sånn sett er saka no punktert, seier ordførar Astrid Farestveit Selsvold til bt.no.
På eit medlemsmøte i Kvam Ap i går kveld vart heradsstyregruppa fristilt i skulesaka. Med andre ord står dei no fritt til å stemme som dei ønskjer tysdag.
Selsvold kunngjorde at ho vil gjere som partifelle Even Øyri: Røyste mot Ap sitt partiprogram og for felles ungdomsskule i Øystese. Dermed får framlegget truleg eit fleirtal på 15-12 i heradsstyret.
- Eg er verken glad eller letta. Som ordførar har eg skuffa mange, og det er eit stort ansvar å bere, seier Selsvold.
- Må kome oss vidare
- Men denne saka handlar om langt meir enn skule, og har vore ei stor belastning både for elevar, tilsette, politikarar og innbyggjarar. Utan tvil har skulesaka skapt kløyvingar på kryss og tvers i heradet, både internt i partia og mellom bygdene. No er vi nøydde til å kome oss vidare, seier Selsvold.
Konsekvensen av at to Ap-politikarar bryt ut blir at Norheimsund og Ålvik misser sine ungdomsskular.
BT har tidlegare skrive at skulesaka i Kvam har resultert i ein langvarig og uforsonleg bygdestrid mellom Norheimsund og Øystese.
- Det er ikkje tvil om at skulesaka har vore ei fanesak i Norheimsund, både for det lokale arbeidarlaget og veljarane. Men dette handlar ikkje om å vere for eller mot Norheimsund, seier Selsvold.
Held fram som ordførar
- Felles ungdomsskule i Øystese er den beste løysinga for Kvam. Den nye, flotte og spesialtilpassa fellesskulen står klar, og for meg er det veldig vanskeleg å forsvare at skulen ikkje blir teken i bruk.
- Du er ikkje redd for at dette vil gjere vondt verre?
- Uansett utfall er det utan tvil store sår, og vi har ikkje anna å gjere enn å ta tida til hjelp. Vi er nøydde til å kome oss vidare, og må hugse at dette er ei sak som i utgangspunktet handla om å gje eit godt tilbod til elevane. Lokaliseringsstriden har vore vond og vanskeleg, og vi kan ikkje ha dette gåande år etter år.
- Kan du halde fram som ordførar etter dette?
- Som direktevald ordførar kan eg det. Men eg har fått mange spørsmål om dette i dag, og det er lite tvil om at det vil kome etterdønningar.
Kva er di meining om skulesaka i Kvam? Bruk kommentarfeltet.
Les også
Siste fra Lokalt
fakta/skulesaka i Kvam
* Tysdag gjer heradstyret i Kvam truleg kontravedtak i skulesaka for tredje gong.
* I 2003 sette politikarane skulestrukturen i Kvam på dagsordenen. To år seinare vedtok Kvam heradsstyre at ungdomsskuleelevane i Norheimsund, Øystese og Ålvik skulle gå på éin skule – i Øystese.
* Før kommunevalet i 2007 mobiliserte bygdefolk i Norheimsund for å behalde ungdomsskulen sin, og fekk fleirtal i det nye heradsstyret.
* Vedtaket om felles ungdomsskule vart oppheva i desember 2007, men då var ombygging og utviding av ny ungdomsskule i Øystese i gang.
* I dag står nye Kvam ungdomsskule til åtti millionar kroner halvtom.
Relaterte bilder