DET SLITNE KOMMUNEHUSET på Storebø lutar seg mot sjøen og grin ein skvett. Skjør i lakken og flassa rundt auga.

Men på ordførarkontoret i andre etasje er det lyst og skarpt og travelt. Ordføraren skal på gutetur til London i morgon. Fire kompisar, langhelg og kamp på Highbury. Tottenham har bortekamp mot serieleiar Arsenal.

— Vi kan jo håpa på eit mirakel, seier ordføraren.

Den gongen då ordføraren berre var ti år scora Paul Gascoine eit fantastisk mål mot nettopp Arsenal. Helge Andre såg det på tv, og vart spontan-fan av Tottenham. Det var i 1990. Og no skal han sjå dei to same laga i kamp, i levande live.

— Og du, turen vart betalt før eg vart ordførar. Berre so de veit da.

HELGE ANDRE ER HISTORISK . Landets yngste ordførar nokon gong. Men han verkar mest brydd over det.

Ordføraren snakkar som ein gravalvorleg og kontant konfirmant. Kjapt, tonelaust og rastlaust. På bordet står Cola og karamellar. Og Tom & Jerry-kjeks.

— Eg-har-bestilt-ny-bærbar-datamaskin-eg! Men etter det som skjedde med Victor Norman var vel kanskje ikkje da så lurt, flirer ordføraren.

NJÅSTAD HAR VORE FENGSLA av politikk sidan tidlege tenår. Rykta fortel at han den gongen samla avisutklipp om politikk i sirlege mapper heime på det mykje omtalte guterommet. Genetisk er det ikkje. Far er sjømann, og mor jobbar hos District Offshore-rederiet lenger borte på kaien.

Njåstad er lynskarp, flink, effektiv, seier bygdefolk. Og uhyggeleg ambisiøs. Han vart medlem av kommunestyret som 19-åring, og formann i Austevoll Frp nokre år etter. Og no er det politikk. Heile dagen. Helge Andre fekk med seg handelsgym i Bergen, men har ofra både høgare økonomutdanning og mykje moro for å bli heiltidspolitikar.

— Klart, eg gjer jo nåke som jamaldringar aldri ville drømt om å gjera. Men det er vanskeleg å seie kva det er som driv ..., seier ordføraren, og tenkjer ei stund.

— Det er i alle fall lettare å få gjort nåke her heime enn å sitja i opposisjon på Stortinget. Men dersom Frp kjem i regjering, då hadde det vore interessant å prøva seg i Oslo, i samferdsel eller nåke slikt. Trur eg kunne fått gjort nåke der ...

DET STÅR OM ORDFØRAREN i Marsteinen. Lokalavisa kjem ut kvar torsdag, og blir straks lese i hel på ordførarkontoret.

Ordføraren vil senda dei eldre «til ein varmare stad», står det, ufrivillig morosamt.

Ordføraren vil ikkje ha fleire flyktningar til Austevoll, står det ein annan stad. «Dei likar seg ikkje her i havgapet,» skal ordføraren ha sagt.

AUSTEVOLLINGEN KJENNER seg litt makteslaus. Og synest det er eit stort paradoks at ein kommune der millionærane veks på tre er nær bankerott. Dei som har makt murrar. Skattesystemet, seier dei. Sentraliseringa, seier dei. Oslofolk og byjævlar, seier andre.

Nede på Vågen dreg den driftige fiskebåten «Møgsterfjord» av garde. Ut på felta. Njåstad sit og stirer etter han.

— Ja, der reiser dei ut og hentar pengar, så kjem dei tilbake med pengane og så blir dei sendt rett til Oslo, og vi får berre smular tilbake. Seier 23-åringen, småbittert.

INGEN SNAKKAR OM Harald Kristiansen lenger. Det var han som stod på førsteplass på Framstegspartiet si liste i Austevoll. Og det vanlege er at førstemann automatisk blir ordførar.

Men det er seint på natt til den 16. september i år, og på Kommunehuset sit valstyret og tel stemmer. Frp er klar val-vinnar, og ein av oppteljarane smiler til Harald Kristiansen og seier:

— Ser ut til at du blir ordførar no, Harald.

Men då kjem andremann på lista inn i lokalet og legg til:

— Me får no sjå på da.

Seinare på natta samlar dei fire toppfolka frå Frp-lista seg på puben Leanaustet nede på kaien. Dei låser seg inn på eit rom, og ingen veit kva dei snakkar om.

Men dagen etter dundrar Harald Kristiansen neven i møtebordet på Kommunehuset, reiser seg og går. Og sidan har knapt nokon sett han.

Og Helge Andre vart ordførar. Han hadde fått nesten dobbelt så mange personlege stemmer som Kristiansen. Og «nokon» meinte at Njåstad passa betre som ordførar enn Kristiansen. Inkludert Njåstad sjølv.

Harald Kristiansen har meldt seg ut av Frp no. Og bedt seg friteke for absolutt alle kommunale verv.

— Han vart sur, han. Men det er no mest trist for Harald då. For ettermælet hans, seier Helge Andre.

TO MÅNADER ETTER den bitre natta står Helge Andre i kantina og trekker lodd. Tid for teambuilding. Tid for å komma seg vidare.

— De sit og ete ja. Og ka er representasjonskontoen på her då?

— Neihahah. Me har ikkje slikt nåke her.

— Han der Norman hadde jo avskjedsmiddag for kjærasten sin. Men det er vel ikkje aktuelt for deg, Helge!

Helge raudnar.

SÅ ER DET LUNSJ. Ordføraren køyrer til Rema 1000 og handlar - yoghurt, rundstykke og Cola. Helge Andre er utolmodig. I løpet av ettermiddagen skal han ha oppvaskmøte med knivskarpe juristar frå KLP og tvinge nokre ekstra millionar ut av leiaren for Stortingets sosialkomité.

Alt går fort. 23-åringen vil byggja vindmøllepark på Selbjørn, bruanlegg over til Austevollshella. Og seinare skal han sletta det satans underskotet.

Likevel har han berre 80 prosent stilling som ordførar. Den lønna vart redusert for eit par år sidan etter forslag frå ... representant Helge Andre Njåstad.

— Eg er ekstremt utolmodig. Eg har lyst til å komme i gang med alt. Det er bra eg har folk som held meg i øyra, seier Helge Andre.

NOKO AV DET FØRSTE Njåstad gjorde som ordførar var å varsla at Austevoll kanskje kan komme til å melda seg ut av Kollektiv Landspensjonskasse. Det er så godt som heilagbrot blant norske fagorganisasjonar.

Og utpå ettermiddagen kjem det to utsendingar frå KLP, set seg til rette i møterommet, twist og kaffi - og klar, ferdig, gå!

Ord på ord og knusktørre tal flagrar over Njåstad og varaordførar Edvard Stangeland. «Egenkapitalbetjening», seier dei. «Kvalitative størrelser», «hold-til-forfall-obligasjoner» og «overføringsavtale», seier dei.

Men dette er Austevoll, der dei et juristar og forsikringsbyfolk til frukost.

— Men det går jo berre nedøve med dåke, seier ordføraren. Og legg til:

— Blir dåke sure på kommunar som trekker seg ut?

Og etterpå joggar Njåstad vidare. Utan å takka for møtet.

FOR TING SKAL GJERAST , ordnast, fiksast. Ein tidlegare statsråd ventar på telefonen, det er snart folkemøte på Selbjørn, bagen er ikkje pakka og fotballturen går med ferja klokka ni i morgon tidleg.

— Men alvorleg talt. Eg har ikkje tenkt å sitja her som ordførar til eg blir 65. Eg håpar jo å få prøvd meg på noko anna etter kvart òg, då. Seier ordføraren.

<b>TOM OG JERRY-KJEKS:</b> Sikringskost for landets yngste ordførar. Helge Andre er rastlaus, bråkjapp og et ikkje lunsj før i to-tida. FOTO: TOR HØVIK
FOTO: TOR HØVIK
<b>FOLKET SNAKKAR:</b> Helge Andre er på folkemøte, og konfererer med sambygding Harald Vik. Det skal byggjast vindmøllepark på Selbjørn, og det er gode greier. FOTO: TOR HØVIK